søndag 22. mai 2011

Kyllingen Malin

Malin og Emil har vore på besøk hjå Laurits idag og han har vore så heldig og fått tre små kyllingar i hønsehuset. Fordi eg synest kyllingen var så søt og at den faktisk heiter Malin, så fortjener den litt spalteplass i bloggen.

Malin vart fødd 17.mai og er oppattkalla etter ei jente som er fødd denne dagen. Vår Malin ville ikkje ha noko av at ein kylling heiter det samme som henne. Eg drøymer om ein hønsegard, men det er litt opp og fram før det skjer. Vi har Mikkel Rev utanfor huset av og til og skal vi ha ein hønsegard må vi gjere ein del sikkerheitstiltak først. Og så er det så mykje anna som viktigare å få gjort først... Har du høns og eventuelt gjort nokre tiltak for at glupske revar ikkje skal ta hønene?

2 kommentarer:

Lina sa...

Hei Torill! :-) Så søt Malin-kylling! Koselig. Du er flink som trossar været - men som du seier, plantane må jo nesten i jorda, enten det fristar eller ikkje nett no... Me hadde høns i mange år når eg var liten. Mamma og Pappa heldt på å bygga ny hønsegard no, så du kan spørja dei om tips! Men eg veit me brukte hønsenetting iallefall, for å hindra at Mikkel Rev kom seg inn. Og ikkje minst hønsehauken, for den tok fleire høns av oss, hugsar eg.

Åshild sa...

Hei Torill:-) Det er alltid koseleg med besøk i hønsegården. Her er stadigvekk store og små som kjem å vil sjå etter egg og kyllingar, og kanskje beundre den flott hanen. Me var så heldige i fjor sumar, me byrja å spre ryktet om at me ynskte å skaffe oss nokre høner. Ein me møtte på hadde to høner og eit hønsehus me kunne overta, så då var me i gang. KAn anbefalast på da varmaste. Krev lite stell og me får gode og lukkelege egg kvar dag!