søndag 8. mai 2011

Jakta på ramslauk

Det har vore planlagt i nokre veker at eg og Lina skulle på ramslaukjakt. Ramslauk veks vilt og smakar som ei blanding av kvitlauk og graslauk. Vi hadde lyst å prøve og lage noko ut av planta, og det fekk vi sjansen til idag.
Eg plukka ein pose med blad, men eg brukte berre ein brøkdel. Eg har ikkje laga meir enn eit glas med ramslaukpuré då eg ikkje veit kva eg skal bruke det til. Har og laga ein liten porsjon ramslauksmør. Oppskrifta eg nytta og eventuelt andre oppskrifter du kan bruke finn du her.
Slik ser planta ut. Minner om liljekonvall, men den har ei karakteristisk lukt slik at du ikkje tek feil og risikerer å forgifte deg sjølv og andre. Vi fant planta langs med ein traffikert veg og skråninga var så bratt at det var vanskelig å gå. Det freistar å finne ein annan stad neste år. Staden er ikkje hemmeleg om du vil plukke på Osterøy ;-)

Nokon som har erfaring med ramslauk? Vil gjerne høyre om det er nokon som har gode idear til bruk av lauken.

8 kommentarer:

Ingrid Andrea sa...

Så heldig du er som har tilgang på plukke ramsløk! Jeg pleier kjøpe, puré på glass. Litt dyrt men verd hver krone. Gir veldig god smak på fisk når du legger litt inni/oppå og ovnsbaker den synes jeg :)

Lina sa...

Liknande innlegg hos oss i dag ;-) Må sei det såg lekrare ut på Noregsglas enn i Dolmioglas! Hoho. Eg fann ingen i passande størrelse. Prøver att i morgon ;-) Mamma meinte ein kunne bruke purèen som dressing på salat og lignande. Eg har og mange blad att. Trur eg vil laga mest smør, gjerne. For det veit eg jo at eg kan bruka til å steika kjøtt, fisk osv i. Me får søka litt etter oppskrifter! :-)

Mariann sa...

Jeg har faktisk plantet ramsløk i hagen. Ikke nok til å lage pure av, men jeg vet om et sted det vokser mer. Kanskje jeg tar en tur og plukker i morgen. Jeg har ikke erfaring med bruk, så det er flott at du legger ut link.

Ann-Kristin sa...

Knallkjekk blogg! :)
Er sjølv ivrig på hagefronten, her og er det "på vei til å bli noko". Sånn er det med nytt hus. :)

Villblomsten sa...

Hei :-)

Jeg har aldri plukket og laget , men pleier å kjøpe hvert år på marked :-)

Det er godt - og kan brukes til alt :-) til alt du f.eks pleier å bruke hvitløk til :-) så enkelt :-) bytt ut hvitløken med ramslauk og unngå hvitløksånde :-)

Sofus sa...

Idag prøvde jeg litt ramslaukpure oppi fiskegratengen. Den har ikke gått inn i ovnen ennå, men det dufter godt på kjøkkenet nå.

Ellers, hvis man vil ha en litt frisk dip - ta ei skjei pure oppi 3 dl rømme, smak til med salt og pepper. Eneste bakdelen er at dette ikke holder seg lenge i kjøleskapet, blir en litt emmen smak etter et par dager bare. Men "ferskt" er det kjempegodt som dressing til salater, eller som en liten smakstilsetter eller pynt i all slags supper, men spesielt litt sterke supper :)

Anonym sa...

Hei!
Leste med interesse der du blogget om ramsløk og funn på Osterøy. Er det mulig å spørre hvor på øya du finner den eller sagt på en annen måte; hvor fant du den!

Torill sa...

Denne bloggen er så lite i bruk at svaret kjem eit halvt år for seint. Ramslauken finn du på Kvamme mellom Skår og Eikeland på Valestrandsfossen