lørdag 21. mai 2011

Dommedag i hagen

Så gjekk ikkje jorda under idag likevel. Vi unngjekk det store jordskjelvet, men det har likevel vore mykje vind og det har ikkje vore mogleg å vore ute før no ikveld. Ein dum dag altså... Då eg har vore sjuk og bortreist så har ikkje hagen hatt besøk av meg på lenge. Så ikveld tok eg meg ei lita inspeksjonsrunde og såg om det var liv i hagen. Og til mi store fortviling var det berre delvis liv i plantene.
Det har vore ein kald vinter og mange som eg kjenner fortel om planter dei har hatt i åresvis som har døydd av frost. Då er del vel ikkje anna enn å forvente at mine nye planter har gått same vegen. Frosten kom før snøen i haust som gjorde at det vart danna eit lag med frost oppå jorda som hindra at oksygen vart tilført røtene. Stakkars plantene mine, eg har mista så mange no at eg har snart ingen igjen. To epletre, to duftsjærsmin, to fagerbusker og ein lavendel. Det er ikkje billeg med tre og busker, men eg gir ikkje opp og skal kjøpe meg nye imorgon. Naturen kan eg ikkje råde over, men det er så utrulig vemodig likevel. Bilete over viser Malin som planta i duftsjærsminen ifjor vår, dei fyrste plantene vi fekk i jorda.


Heldigvis kan eg meddele at alle bærbuskene mine har overlevd og dei fleste staudene. Eg var på Plantasjen idag og kjøpte inn litt nytt, og no er vi straks klare til å lage staudebed. Meir om det seinare.

3 kommentarer:

krepsemor sa...

Det er så trist når sånt skjer, men naturen råder vi ikke over. Men så bra at staudene dine klarte seg! De er noen tøffinger. Her er også en del borte, men vi kan jo ikke gi opp =) Og det er alltid spennende med et besøk på gartneriet! Lykke til!

Trine sa...

Huff, så leit med mannefallet i hagen! Min erfaring er at hage kan være en dyr hobby. Men selvfølgelig gir du deg ikke - god tur på hagesenteret! Noen ganger kan til og med sånne uønskede hendelser åpne for å gjøre forandringer man ellers ikke hadde tenkt på. Kanskje du finner noe enda finere å plante der enn det du tenkte på i fjor?

Nelly-Kristin sa...

off, så trasi når planter og tred fryser. her med meg har 10 rosen tred blitt øydelagt, to av dei ser ut som det er en bittelite, ørliten grann liv i, men veit ikkje om dei kjem. så to til stauder som ikkje kjem. men men, skal ta meg ein tur på Plantasjen i morga og sjå kva dei har der:)
Lykke til på blomster/plantere/tredjakt :)

Klem Nelly-Kristin