torsdag 5. mai 2011

Men størst av alt er kjærleiken

Kva passar vel betre enn å snakke om kjærleiken når eg har fått den vakraste buska av dei flottaste borna i verda? Eg har i tidlegare innlegg snakka om kjærleik ved første blikk då eg var på gartneriet og berre MÅTTE ha denne vakre skapningen. Eg hadde ikkje kjøpt den fordi den var litt dyr for å vere impulskjøp, men då bursdagen min kom dukka den opp på tunet. Espen hadde ikkje gløymt planta han heller, og eg vart berre så glad.
Dette er Kamellia framdyrka ved Gimle gartneri i Norheimsund. Den er meir tilpassa det norske klima sjølv om den ikkje tåler kaldare klimasone enn H3. Denne sorten heiter "Tom Knudsen". Den er ikkje så enkel å halde. Den tåler ikkje tørke og ikkje mykje fukt. Den skal ikkje ha leirhaldig jord og ikkje jord med mykje sand. Den skal ha full sol, dekkast til om vinteren og vernast for vind. Eg skal verne om den og ta vare på den så godt eg kan, for det er vel det ein gjer med sine kjære?
Sjå kor flott! Dette er ei busk og den kan verte 1,5 meter høg. Den blømer i mange månadar sa gartneriet, men på nettet står det mai-juni. Det er ei nokså ukjent plante så vi får sjå etterkvart. Eg har visst vorte eit hagenerd som kan omtale ei plante med så sterke ord. Når dette berre er byrjinga av hageeventyret mitt så tør eg ikkje tenke på kva som ventar...
Dei vakre perleblomstrane har sprunge ut og er så vakre der dei står. Om eg ikkje har så fryktelig forelska i desse blomane, er eg iallefall glad i dei.

3 kommentarer:

Lina sa...

Vakkert, Torill! :-) Kjekt å få nokke ein har ønska seg så mykje! Sjølv om den jo såg veldig vanskelig ut å holda. Men du får det nok til ;-) Det er lov å ha sterke kjensler for hagen sin! Hihi. Du er ikkje aleine ;-)

Pia sa...

Der fikk jeg huka deg inn - etter at jeg forandra bloggadressen min, ramla blogger jeg følger bort, og jeg hanker stadig inn de jeg har fulgt tidligere.
Gratulerer med dagen som var! Du er jo bare ei ung jente;)

Anonym sa...

Tja, er me ikkje nerdar alle saman på kvart vårt område? Syns nerd e et positivt ord - ein kan alltids spørje ein hage/blom$enerd om ein lurer på noko om hage eller blomar - og ein bilnerd om bilen, ein datanerd om data etc har ingen ende på mogelegheitene.
Blomen var fantastisk fin - ikkje rart du blei glad :o))
Dessutan såg svelene dine utruleg fristande ut ;o) Reknar med dei var gode...
Ha ein fin søndag - Lenemor <3