mandag 2. mai 2011

Det fine med å fylle 30 er...

... alle flotte gåvene og helsingane ein får. Heile helga har det strømma på med helsingar frå folk som har huska på dagen min, det er kjekt. Litt gåver har dryssa på meg og, og nokre av dei presenterer eg her.
Jobben ga meg denne flotte buketten. Store, fyldige roser i ein vakker, sart rosa. Passa perfekt inn i alt det lyseblå i stova. Fekk også eit vakkert armband og eit gåvekort på Kremmerhuset. Eg har så snille kollega, det er sikkert.
Etter tre dagar har dei andre blomane i buketten sprunge ut, er den ikkje vakker?
Gåvekort på Plantasjen er ikkje dumt. Ei venninne av meg har indirekte gitt meg desse tre buskene. To buskmure/potentilla "Lovely Pink" og ein kvit gyvel. Tusen takk Iselin. Desse er byrjinga på vår ganske så store skråning langs vegen til huset. Det tek nok si tid før den er fylt opp med busker, men som eg alltid seier; Det vert bra til slutt.
Gammalrosa petunia fekk plass i verandakassa i år. Kjekt å prøve noko nytt. Den er nokså vanleg i dei tusen verandakasser og krukker rundt omkring, men denne fargen trur ikkje eg har sett før. Eg har lyst til å ha noko som brer seg utover og blømer heile sommaren.
Så heilt til slutt viser eg dokke benken frå Plantasjen vi kjøpte idag. Den er ifrå ein venninnegjeng som var hjå meg på laurdag, indirekte gåve den også. Benken står ved inngangspartiet kor morgensola kjem inn. Ein fin stad å sitje om morgonen og høyre på fuglar som syng. Gåvekortet er ikkje brukt opp så eg kjem nok tilbake til kva meir eg har fått. Eg må få vist dokke dei flotte gåvene eg fekk frå familien, eg må berre få tatt bilete av det først.

Eg forstår ikkje kvifor vi kvir oss slik til å verte eldre, ja særleg når vi stig inn i eit nytt tiår. Det skjer ikkje noko over natta akkurat, eg er den same som før. Eg kunne ikkje tenke meg å vere verken 18, 23 eller 27 år igjen når eg tenker meg om. Alle aldrar har sin sjarm, også 30 får eg håpe.

2 kommentarer:

Lina sa...

Så kjekt! :-) Gøy at du viser fram kva du kjøper. Nydeleg benk, og veldig flotte petunia. Må nok ha litt av den sorten eg og ;-) Tar du dei inn om natta endå? Det er jo nede i frost enkelte netter.

Ragnhild sa...

Flotte gåver! Du er heldig du :) Kjekt å høyre/sjå at du hadde ein fin dag.