fredag 27. mai 2011

Arbeid

Overskrifta seier alt. Vi har masse arbeid framfor oss og særskilt for Espen som må ta dei tyngste taka. Eg står ikkje akkurat og berre ser på eg heller, men er det for tungt og stort så har eg ikkje så mykje å bidra med.
Jorda som vi har venta på i ein månad kom for to dagar sidan. Det enda opp med at vi måtte ringe til ein annan leverandør for han som først lova oss jord tok plutseleg ikkje telefonen meir... Jorda skal verte til plen der det ikkje er plen idag og blomebed. Det hastar med å få sådd i både plenfrø og blomefrø, så no vert det jobbing framover. Eg har litt problemer med nakken så eg får ta det roleg (skal iallefall prøve å ta det roleg).
Espen lagar tørrmur med naturstein frå tomta. Muren skiljer parkeringsplass og hage. Her skal det fyllast i jord på baksida av muren, eller var det jord oppå muren? Stadig endringar i planane, men eg har ikkje noko med den biten å gjere så eg ventar på resultatet.

Sola gløttar fram idag, ein fin start på fredagen altså. Det er ikkje meldt det finaste vèret denne helga heller, men det skal ikkje stoppe oss frå å få gjort noko. Eg har vore sjuk i to veker no og er overmoden for litt hagearbeid. God helg alle saman!

2 kommentarer:

Lina sa...

Flinke deko! :-) Stå på! Eg har òg hageplanar. Trossar vèret. Er meldt fint neste (lang)helg, så det gledar eg meg til! :-) Kom gjerne opp for rabarbra i måro! Eg og Mamma ska vera ute og planta og prikla, så kom når du vil :D

Fjordlykke sa...

Nå ser det jammen ut som blogger har kommet seg:) Jeg kan skrive kommentarer -hurra! Blir flott med plen. En velstelt plen er vakkert!
Naboen vår er så flink til å holde plenen sin fin:)

Sørgelig med dette været. Jeg skulle klippe rosebusker i dag, men det var ikke fristende i dette været. Da det endelig ble opphold tok jeg meg heller en joggetur.

Ringte til mannen som er på hytten for å spørre om mine elskede peoner har overlevd. De står rank og fin sier han:)

Ha en fortsatt fin helg!
Klem