søndag 6. februar 2011

Utfordring frå Fjordlykke

Har lagt merke til at utfordringar og awarder er litt tilbake igjen blant bloggarar. Og eg har fått ei utfordring frå Fjordlykke som eg gjerne tek.

Ta opp nærmaste bok og slå opp på side 18. Leit fram til linje 4, kva står det der?
Eg fann boka "Tulla og mormor" som Malin er så glad i og som eg leste for henne før idag. Eg fann faktisk 19 sider, så det var flaks, men sida hadde berre ei linje: "Mormor søv".

Kva var det siste du såg på tv?
Eg og Espen følg med på NRK sin serie "Kven trur du at du er?" og som omhandlar kjente folk som leiter etter røttene sine. Idag var det Kåre Willoch som kunne fortelle at tipp-tipp-oldemora var amme for Kong Christian 7. Så veit dokke det.

Bortsett frå datamaskina, kva høyrer du på no?
Vifta på komfyren og Wallander på tv.

Når var du sist ute og kva gjorde du då?
Eg, mor til Espen og begge ungane var ute med akebrett før idag. Eg drog Emil litt rundt før eg tok turen med Malin ned bakken. Vi henta bosspannet og drog det opp bakken og hadde planar om å ake meir, men då byrja det å regne.

Kva har du på deg no?
Ullundertøy. Har vasa i det i heile dag.

Kva film såg du sist?
Igår kveld vart eg sittandes å sjå Freaky Friday. Ingen storfilm, men det var den siste.

Kunne du tenke deg å flytte til utlandet?
Nei, men å komme seg vekk eit par månadar til varmar strøk om vinteren hadde ikkje gjort meg noko.

No nærmar det seg leggetid for meg og imorgon byrjar ei ny veke med jobb og kvardagsliv. Ha det godt så lenge!

1 kommentar:

Siv Toril sa...

Hei! Ønsker deg ei god veke:) Takk for kommentar inne hos meg! Den kista er når eg såg nærmare etter... malt av Mikalsen. Og huset står på Osterøy! Klem