lørdag 26. februar 2011

I VM-stemnning

Oslo og Holmenkollen-tåka er langt frå oss, men det er kanskje like greit sidan vi har vårsteming og ein fin tv kor vi får sjå det meste som skjer under VM. Eg har vel ikkje sagt så mykje om det før, men vintersport er gøy. Særleg langrenn, hopp og skiskyting så klart. Sidan vi ikkje får vere tilskodarar i tåkeheimen, viser eg nokre stemningsbileter frå verdenscuprennet i langrenn forrige helg. Drammen hadde eit langt betre vèr å tilby, det er heilt sikkert. Kaldt, men strålande sol på blå himmel og fantastisk stemning blant publikum.
Malin med bjelle og flagg. Det morosamme var at dei solgte flagg og bjelle ut i skogen, og du kunne betale med kort! Og eg som aldri går med kontantar, det er heilt genialt.
Petter Northug etter første kvalifisering. Soleklar vinnar på denne runda og publikum var heilt ifrå seg av begeistring.
Malin var ikkje i heilt i form, men ho sto ut denne dagen. Då vi kom heim såg vi nærmare på prikkane ho fekk i ansiktet og ho hadde visst vannkoppar. Ikkje rart jenta var trøytt og grinete.
Malin, tante og Adrian.
Emil var i kjempehumør denne dagen. Herlig å kunne vere på stadion kor det var moglegheit for å ha vogn. Ellers hadde det ikkje gått.
Samanta og Emil klar for å heie på Bjørgen og Northug.
Emil koste seg i snøen.
Vi sto slik at vi fekk sjå skigåarane fleire stadar og vi såg også storskjermen som fulgte løparane heile vegen.
Bjørgen i farta.
Når Bjørgen passerte publikum sto jubelen til himmels og det var vel fortjent sjølv om ho endte på 5.plass. Maiken Falla kom på 2.plass.
Northug i bakerste rekke. Dette er ikkje finaleløpet, men han endte på 3.plass tilslutt. Northug var blant publikum også ein vinnar sjølv om han ikkje vann løpet.

Så får vi håpe at tåka letta i Holmenkollen og at vi tek fleire medaljar. Til no har vi to gull, eitt sølv og ein bronsje. Heia Noreg!

1 kommentar:

kjersti70 sa...

Så flotte bilde du har tatt! Elles såg eg din makker på sykkel i går, passa godt på å ikkje kjøre på han ;) Sprek! Vurderte i går å ringe og høyre om du var inne for ein snar-visitt, men det blei med tanken.