lørdag 5. februar 2011

Sommarlengsel

Igår fekk eg kjensle av vår når det meste var smelta bort og sola gløtta så vidt fram. Vi hadde eit håp om at vi endeleg kunne køyre bilen opp til huset etter to månadar og kanskje få litt glede av vintermånadane, men om kvelden kom kuldegradene og i dagtidleg når eg sto opp var heile landskapet kvitt. Då kjente eg meg meg eitt så ufatteleg hjelpelaus. Så kva gjer ein då?
Det er så kjekt med internett, her finn ein så utrulig mykje fint å kvile augene på. Når det snør ute kan ein kikke på skjermen og drøyme seg vekk. Eg har leita fram nokre bileter frå google som assosierar sommar. Markblomar som dannar fine bukettar, heilt gratis!
Eg er elles i gang med hageplanlegging og les meg opp litt og litt. Eg har ikkje noko konkret enno, men skal kome tilbake til det når ting er meir handfast. Medan mine eigne hageplanar framleis er på skissestadiet, kosar eg meg med bloggar og vakre hagebileter frå andre hagar.
Prestekragar, blåklokke, smørblomst og raudkløver. Perfekt! Blomane kjem i juni, så det er fire månadar igjen, men den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves...

7 kommentarer:

Living White sa...

Lengter ekstra etter sommeren etter å ha sett bildene på innlegget ditt. Ja ting blir lettere da lyset har kommet tilbake i allefall for noen få timer på dagtid. Jeg er lei av det konstante mørket som har vært her no

Anonym sa...

Ååååå, fekk stemning ej no - og lengta etter sommar :o) Idag he me vore på Reset og hatt nesten alle årstider, snø, hagl, sol, vind og blest. Men det var friskt og fint og deilig å kome seg ut på ski - type nedover. Blir ikkje ofte nok ;o)
Men når ej ser slike bilder så lengtar eg.....Sommar er jo mi favoritt-årstid :o)) Lenemor

gupe sa...

nydelig bilder...å som en lengter etter sommeren når en ser så fine bilder:)

Pia sa...

Nå er vi straks halvveis i februar, mars fyker avgårde, og så blir det vår!

Sjova sa...

Fekk reint sommarkjensle av bileta dine, eg au!Snoen forsvinn nok ikkje enno her heller, så me får berre halde ut:-)
Gøy du lika reportasjen då,moro det!
Er verkeleg eit herleg blad det Lev Landlig.
Framleis god sundag!

Hus på solsida sa...

ÅÅå, kor eg gledar meg til sommaren no! Kjempefine sommarbilder!
Bordet har eg laga av gamle bordbein. Eg har saga, sparkla og måla dei. Hylla mellom beina laga eg av ein gammal planke og 4 skruar.
Bordplata er og laga av gamle plankar som er saga til og skrudd saman.
God Søndag til deg =)
*klem Astrid*

Fjordlykke sa...

NYDELIGE bilder!
Lengtet voldsomt etter våren i dag, spesielt da jeg stod på dekk i full blæst over Sognefjorden.

Titt innom bloggen min. Har en liten overaskelse til deg;)