Etter veker, dagar og timar med handling, rydding og pynting var julafta endeleg komen. Malin har gleda seg enormt til denne dagen, men har ikkje heilt visst kva som eigentleg skulle skje. Kanskje kjem nissen? Kanskje får ho ein pakke? Emil har ingen refleksjonar rundt dette sjølvsagt, medan mor og far i huset er mest opptatt av alt skal vere på plass og sjå fint ut til jula ringer inn.
Eg er oppvaksen med flotte julebrunsj på julafta og eg ønskjer å fortsette tradisjonen. Varm sjokolade, kabaret, laks, egg, julesylte, sild, godt brød osv.Juletre anno 2010. Vi vernar om pynten så godt vi kan med tanke på Emil, men vi voksne er dei som øydelegger mest og har til no knust tre kuler/englar.
Litt julepynt for høgtida. Det er ikkje så mange stadar at eg får moglegheit til å pynte, men her når ikkje Emil opp så det får stå i fred. Osteklokka har eg kjøpt i Danmark og er frå Lisbeth Dahl. Alltid ei utfordring å vite kva ein skal fylle den med. Dei små, kvite englane har eg strikka sjølv, Marokko-kanna i sølv har eg arva og lysestakane har vi fått med svigers og er frå Kosta Boda. Duken som er hekla er kjøpt på loppemarknad for 50 kr (!!)
Emil er raskt bort med juletreet. Desse kulene og lysa er så spennande! Den sjuarma lysestaken i bakgrunnen har han reve ned så mange gonger no at ei lyspære gjekk og vi har ikkje lys i den lenger.
Lange fingrar...
Malin ser på Disneyjul. Godt oppslukt.
Espen er oppvaksen med å leite etter enden av eit garnnøste. Så no er det Malin sin tur og følge tråden til endes.
Kva er det nissen har lagt frå seg? Ein pakke! Oppi pakken låg det godteri, alltid populært.
Eit forsøk på å ta eit julebilete av våre håpefulle. Det var heller mislykka. Pakkane bak var alt for fristande.
Espen fekk akkurat det han ønska seg.
Emil og Malin fekk kvar sitt nattbord og Emil likte det veldig godt. Veldig fint til å klatre på.
Farmor til Emil og Malin er også på besøk saman med tante Kathrine og Sander.
Både Sander og Malin fekk seg arbeid i julepresang. Sander fekk seg sjøskip frå LEGO Atlantis og Malin fekk seg Elias-pusslespel.
Malin fekk seg prinsessepynt til jul og kasseapparat. Begge deler var veldig populært. Malin var oppe til halv tolv igår og vi la oss samstundes. I senga sa Malin "mamma, nissen kom ikkje". Eg forklarte at han hadde vore der med godteri og pakkar, men at han hadde ikkje tid til å stoppe. "Eg e redd nissen", sa Malin og sa samstundes "Eg fekk ikkje Sabeltann". "Ka Sabeltann ønska du dej då?" spurte eg, "Rosa Sabeltann". Så då veit dokke kva som står på ønskjelista til neste gong.
1 kommentar:
God jul til dykk alle! Herlige bilder da, og så fin julepynta det er!
Legg inn en kommentar