søndag 19. desember 2010

Rydding-eit nødvendig onde

Sanninga sin time er komen. Det er tid for å brette ut det aller helligaste; rotet. Igår hadde vi julebord her heime og på onsdag byrja eg å rydde. Det er ein ting at vi har to små born som strør leikene om seg like fort som vi ryddar dei på plass, men det er to voksne i huset også som ikkje sett på plass ting etterkvart som det vert brukt. Til tider kan det sjå heilt forferdeleg ut her, og på onsdag var det ein slik dag. Det var 3 dagar til julebord og mor i huset måtte brette opp ermane og tak seg sjølv i nakken.
Hadde eg lagt ein duk over bordet og du skulle gjette kva som var under, så hadde du ikkje komt på noko som helst grunna sjokket over alt som fekk plass her. Det er så enkelt å bruke dette bordet til avlastning. Vi skyv sjølvsagt rotet til sides der vi skal ete slik at haugen vert større på motsatt side. Spylervæska er vel den tingen som gjer mest nytte for seg. Og den er veldig god å ha nettopp på kjøkkenbordet når ein er ute og køyrer og oppdagar at det er tomt for spylervæske når ein lastebil har passert deg på ein salta og snøvåt veg.
Dette vert den einaste gongen eg publiserer for heile verda rotet på kjøkkenet så ta deg god tid til å studere alle dei vakre detaljane.
Jammen er det godt at allting har ein ende. Eg kom i mål og no har vi det slik. Den kvite duken er kun for middagsgjestar, elles er det voksduk som tel. Det vert litt meir jul i stova for kvar dag som går. Eg er langt ifrå ferdig med pynting, men vi måtte ha litt julestemning igår når det var julebord.
Eg kjem tilbake med fleire julebileter etterkvart, men idag ville eg berre vise at eg kan faktisk rydde eg og. På biletet ser dokke mi største utfordring når det gjeld kampen mot rotet. Emil er ein livleg skrue som kastar rundt seg alt han får tak i. Alt av små ting som kan knusast eller som han kan putte i munnen må opp i høgda eller ryddast vekk. No er det berre 5 dagar igjen til jul og eg håpar at huset heldt seg slik som no fram til då.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Humre humre:) herlig rot, godt å sjå det ikkje berre e her heime det ser sånn ut;)

kos dokke i jula:)

klem fra Siv

Lakka sa...

Ho ho, herlig med ærlige bilder og det er ikke fritt for at det blir mer rot med barn i hus:-) Takk for gratulasjon! Gleder meg veldig til å bli mamma, litt mindre til rotet som følger med;-) Hi hi!

Kos dere i de siste dagene før feiringen tar til!

Klem

Unknown sa...

ho ho ho - nå ler jeg godt her! Det er enda godt det er noen som har det mer rotete enn oss - to store hunder og en rotete mann klarer ikke engang komme i nærheten heldigvis :)

Jeg er forresten kakenazi nå før jul - jeg vil ikke sitte hele romjula uten kaker ;) Da føles arbeidet forjeves.....

Anonym sa...

Ingen tar skade av litt rot, men eg er enig at det kan bli litt slitsomt av og til. Det blei nå veldig flott hos deg da, veldig koselig!

Anonym sa...

Hehe, ja sånn e d no berre ;o))) Her he me rydda og vaska i 2 daga, endå me e berre 3 stk (+1,5 katt) so bur her....
Nokre rota og rydda, andre berre rota, så då streika av og til ryddehjelpa....
Men no e me nærmast i mål, som du he me litt pynting igjen, og så blir det vel litt rydd og vask igjen sånn i siste liten, rekna ikkje med her e ryddig og reint so månge dagane, diverre ;o)
He forresten også vore og kjøpt spylarvæske, den står innfor gangdøra.....ikkje krise for øyeblikket, for her e so kaldt at eg tør ikkje touche viskarane ;o))
Ynskje dokke ei fortsatt fine førjulstid.
Håpa dokke he fått julekortet :o)
Stooooore klem frå Lenemora.

Pia sa...

He he, det rotes noe voldsomt her og - utrolig at små barn klarer å dra så mye rundt om kring.
Og rydding er det ingen som liker, men innimellom bare må man...