fredag 10. desember 2010

Heimelaga sjokoladekonfekt

Ikveld har eg og Katrine kost oss med sjokolade i fleire variantar, nougat, mandlar, sukker, fløte, smør, cognac og så vidare. Vi smeltar, hakkar, rørar, grisar og et. Det var veldig koseleg og ikkje minst artig. Då vi skulle smake på resultatet var vi ganske så kvalme på det søte, men vi klarte å trykke i oss så mykje at vi kunne konkludere med at det var godt.
Vi har lært noko nytt idag; skolding av mandlar. Ein kjapp telefon til mamma måtte til, men det var veldig enkelt når det først var gjort. Skolda mandlar trengte vi når vi skulle lage mandelkaramell med kvit sjokolade. Karamellen fekk litt brent smak, men elles var den grei. Den var nok den vi likte minst av dei fire sortane vi laga.
Vi laga konjakktrøflar og espresso minttrøffel. Det var to ulike sjokoladekremar som først måtte kjølast ned for deretter formast til kuler. Veldig grisete kan ein trygt seie og ikkje så heilt enkelt heller. Det er mine hender dokke ser som er så tilgrisa :D
Og her er dei fire sortane vi produserte ikveld. Du får ikkje så mykje for pengane, for dette kostar, men så treng du ikkje så store mengder heller fordi det er ganske kvalmande og søtt. Oppe til venstre ser du mandelnougat, oppe til høgre ser du konjakktrøflar. Nede til venstre ligg det espresso minttrøffel på brettet og tilslutt er det mandelkaramell med kvit sjokolade du ser.

Sjølvsagt skal du få nokre av oppskriftene.

Mandelnougat
100 gr hakka mandlar
250 gr nougat (Odense f.eks)
150 gr kokesjokolade (vi brukte Dronningens)

Rist mandlane i ei tørr og varm panne. Smelt nougaten og sjokoladen over vannbad. Løft panna frå varmen, rør i mandlane medan sjokoladen framleis er smelta. Hell massa i ei bakepapirkledd paiform. Sett forma i kjøleskapet og skjær sjokoladen i bitar når den har vorte kald.


Konjakktrøflar
200 gr mørk sjokolade
1 dl kremfløte
2 ss smør
1,5 ss konjakk

Evt. 150 gr mørk sjokolade til glasur

Bryt 200 gr sjokolade i bitar og ha det i ein bolle. Kok opp fløte og smør. Hell den varme blandinga over sjokoladen til sjokoladen er smelta og kremen er glatt. Rør i konjakk. Sett i kjøleskap. Trill trøffelen til kuler når massen er stiv og kald. Oppbevarast kald. Dersom du ønskjer sjokoladeglasur smeltar du resten av sjokoladen i vannbad og dypper kulene i.


Dersom du ønskjer oppskrift på dei to andre sjokoladane, kan du legge igjen kommentar og så sender eg det til deg på mail. Kjenner eg er trøytt og vil finne senga. *God natt*

4 kommentarer:

sukkerungen sa...

Nammi nam! Så flinke de er altså! Skolda mandler har eg gjort mykje - det var min jobb når mor mi skulle lage fyllet til bordstablar til jul ;) Eg har sjølvsagt tatt eldstabarnet i lære, sjå berre her:
http://sukkerungen.wordpress.com/2010/10/23/smakaker-med-appelsin-og-mandler/
Konfekten ser veldig bra ut den - de har verkeleg vore produktive :)

Prinsesse Vilikke sa...

Så godt det ser ut!!! Det hører med til jula!

Anonym sa...

Såg veldig godt (og klissete) ut ;o) Kjekt å lage slikt sjølv.
Blir ikkje så mykje sjokolade og karamellgodteri her, men har laga eindel julekaker - idag er krumkakene steikt og snart i boks. Så no er det berre resten av julegavene og alt det andre ;o) som står att :o))
Fortsatt god advent til dokke.
Klem Lenemor.

Kathrine sa...

oi oi - det så klissete ut, men akk så godt!! Her har det blitt baka pepperkaker i dag. Neste prosjekt er havrekjeks med sjokolade og peanøtter og marsipankuler med sjokolade.....mmmm for ikke å glemme krydderkake! Får jo helt vann i munnen!