onsdag 1. desember 2010

Endelig stjerne i vindauge

Vi har vore utan julestjerne i fleire år fordi eg ikkje har funne noko eg likar. I år når vi har fått nytt hus og skal feire jul her for første gong er det ekstra viktig at vi har julestjerne i vindauget. Eg har sett for meg ei stjerne lik den vi hadde for nokre år sidan, men som diverre berre fungerte eitt år.
På Kremmerhuset får du denne vakre stjerna til kr 149,-. Eg likar desse stjernene kjempegodt. Dei var veldig populære for seks-sju år sidan, men i mitt hovud har dei alltid vore ein favoritt. Den har små, søte lys og masse glasperler som dett av kvar gong nokon berører den.

Eg ønskjer å ha ei stjerne som kan vare i fleire år. Julepynt er forbunde med tradisjonar og er noko ein tek fram år etter år. Litt fornying er sjølvsagt lov, men julestjerna er sjølve symbolet på ventetida og derfor er det fint at vi tek fram den same kvart år. Eg er veldig nostalgisk av meg når det gjeld jul. Eg er oppteken av norske juletradisjonar og ei vakker jul med familien. Eg har aldri vore noko "julemenneske" med nissar og raudt overalt, men eg kjenner eg gleder meg meir til jul no når eg har born og eige hus.

Apropos raudt. Det er mange som tenkjer på Emil som har vore sjuk så lenge og han er betre no, men vi var til legen idag og han har diverre fått raude hundar. Han har utslett på heile kroppen, er slapp, et lite og vil berre vere i armane mine. Så eg er heime med han med håp om at han snart er frisk og rask igjen.

7 kommentarer:

Lakka sa...

Så koselig med lys i vinduet når det er så mørkt ute! Enig i at julen handler om tradisjoner, og siden min mor er halvt amerikansk har vi alltid hatt kalkun på julaften:-) Ikke så veldig vanlig på sørlandet heller, her er det vel helst ribbe..

Likte godt de pyntede norgesglassene hos deg:-) Håper lille Emil bli fort frisk!

Klem

Elisabeths Borg sa...

Takk for at du tok deg tid til å legge igjen spor etter deg på bloggen min. Veldig hyggelig:-) Jeg tenkte jeg var lur somdro en onsdag, men den tanken var det flere som hadde. Slitsomt for både stor og liten når barna er syke, god bedring

Grankongla - livet på Bostad sa...

Jeg så faktisk denne stjernen da jeg var innom kremmerhuset i Oslo - Søte er de! Jeg er som du sier, opptatt av at jula handler om tradisjon så for meg er det den stjerna i uthullet metall som gjelder ;)

Hus på solsida sa...

Julestjerna var veldig fin =)
Stakkars Emil...får håpe han kjem seg fort. Kjedelig å vere sjuk når jula nærmer seg =(
*klem Astrid*

Anonym sa...

Veldig koselig med julestjerne i vinduet:) og dykkar var kjempe fin:):)

kos dokke, klem fra Siv. God bedring til Emilgutten. Dei blir sjuke av alt når dei starta i barnehagen.

Helsing fra Siv

sukkerungen sa...

Neimen stakkars vesle Emil :( Men han burde rekke å bli frisk og fin til jul da! Veldig fin stjerne - eg er heilt med på det du tenker om tradisjonar :) Sjølv er eg ikkje noko nisse-menneske i det heile tatt, men lys er viktig, og eg elskar alt som glitrar. Skikkelig skjor ;)

May Britt sa...

Denne stjerna har me også. favoritt :-)