søndag 28. november 2010

Adventskos

Vi har tent det første lyset idag. På mange måtar kan vi vel seie det er startskotet for førjulsstria. For vår del har vi brukt helga til å førebu og feire Emil sin første gebursdag. Eg legg merke til at det er mange som pyntar til jul allereie no, men ventar til veslejulaftan. Det har mest med tradisjon å gjere, men også det faktum at eg vert lei av jula før den har byrja dersom eg skal omgi meg med julepynt 4 veker før pinnekjøtet vert sett på bordet.
Heilt tomt for pynt er det likevel ikkje. Eg har kjøpt to raude julekapper på kjøkkenet. Julegardiner på heile stova vert i det meste laget, men litt stemning i glasa på kjøkkenet vart fint. Mi store samling av Noregsglas kjem til nytte på mange måtar. Eg har dekorert mine små juletre med gullperler festa med gullstreng, og eit glas med valnøtter har fått eit band frå Stoff og Stil. Kan forresten seie at Stoff og Stil har mykje å tilby for den julefrelste.
Desse nissane var framleis våte og lukta grønnsåpe då eg kjøpte dei på julemessa i Osterøyhallen for nokre veker sidan. Eg er ikkje noko nissemenneske, men desse likte eg veldig godt. Det beste av alt er at dei er handlaga og at eg veit kven som har laga dei. Eg kan ikkje vente til veslejulaftan derfor får dei stå i glaset no medan dei enno luktar grønnsåpe. Slik lukt er nemlig ikkje kvardagskost her i huset...
Min sparsommelege adventspynt begrensar seg til dette. Fire kubbelys i eit speilbrett med sølvsteinar og einekvistar. Det er vert ikkje så mykje pynt når eg har Emil som riv ned alt han får tak i. Duken som dekkar den lyseblå sjenken er handlaga engelsk broderi. Den vann mormor til meg for mange år sidan på ein basar, men det er faktisk første gong eg har tatt han fram. Sølvkanna er arvegods frå tanta og onkelen til mamma. Den er frå Marokko og er kjøpt for 30 år sidan. Mamma fekk også ei slik kanne med dei når dei var på tur den gongen, og for meg har "marokko-kanna" alltid vore forbunden med jul.
Visste du at første advent er første dagen i kyrkjeåret? Før var advent forbunden med faste, men no er det kun ei ventetid mot jul. Den liturgiske fargen er lilla og derfor har vi fire lilla lys.
Og her er vår stakkars Emil som kjenner seg heilt elendig. I natt hadde han 40,1 grader i feber og sov svært urolig. Han har ikkje matlyst, er slapp, vil berre berast og kose med mamma. Mammahjarte får vondt av å sjå han slik, men imorgon skal han til eittårs-kontroll så då får dei ta ei vurdering med det samme. Han har hatt feber sidan fredag. Det samme skjedde sist helg. Klart det er ikkje kjekt for nokon at han har det slik, men verst er det nok for den vesle guten. Vi har hatt marking av eittårsdagen hans, men jubilanten var ikkje særleg nøgd så det vart eit kort selskap.
Ønskjer alle ei sjukdomsfri og stemningsfull 1.adventsveke.

5 kommentarer:

Kaspara sa...

Hei Torill
Tusen takk for hyggelig hilsen fra deg!
Gratulerer så masse med den flotte ett-åringen din! Herlig alder! Håper han er kjekkere nå enn da du skrev innlegget ditt, ikke noe gøy når ungene har høy feber.
Jeg synes du har pyntet koselig til advent. Det kan kanskje synes som jeg har pyntet veldig masse alt, men nisser og den slags dukker ikke opp før noen få dager før julaften stort sett. Ikke det at vi har så stor nissekoloni her... er vel ikke så nissete jeg heller, men ungene synes det er stas med noen.
Ha glade førjulsdager!
Klem fra Kaspara

Anonym sa...

Heia Torill:) koselig å lese bloggen din ja:) ikkje så kjekt å sjå Emil så sjuk, håpe han kvikna til fort:)

I dag og i morga e ej heime fra jobb, litt ubetalt ferie pga manglande barnehageplass, men det gjor godt for sjela;) ho ho

Så idag fekk ej tid til å vakse masse kle, vaske vindu og henge opp julegardiner koselig:)

Klem fra Siv

Unknown sa...

Jeg elsker å lese bloggen din.
Den er så koselig, selv om bildene av syke Emil var hjerteskjærende.
Fint med ferdig hus til jul da...endelig!
<3

Ragnhild sa...

Koslig Torill! God advent til dokke me. Blir dokke i Bergensområdet i jula? Ej kjem til byen 19.desember og blir i heile to veke dinne gongen :)

Grankongla - livet på Bostad sa...

Så koselig! JEg heller klarer ikke pynte til jul enda, synes det er fælt å trø i den pynten i en hel måned, og desto koseligere å få den opp når jeg virkelig vil! Jeg kjøpte meg en adventstake og lille lys i går, det er det som er av pynt hos oss enn så lenge :)