tirsdag 3. august 2010

Malearbeidet som aldri tek slutt

"Sommeren er kort" er det ein sang som heiter. Det kan vil ikkje seiast betre enn det denne sommaren. Malearbeidet utanfor har tatt så lang tid no fordi veggen skal rekke å tørke før ein malar. Espen har ikkje hatt ferie i år så det har vore vanskeleg å finne tid til maling dei dagane det har vore godt vèr, men idag tok han seg fri då vèrmeldingane såg lovandes ut. Og regnet har holdt seg nesten heilt borte. Han har holdt på i heile dag, medan Steffen og Jostein kom etterkvart og hjalp til.
Mønearbeidet er det minst kjekke. Å stå 6 meter over bakken i ein gammal og skeiv stige er ei utfordring for hjarte. Idag var det Steffen som utfordra seg og han fekk grunna alt.
Jostein har eit godt handelag og har tatt vindaugslistene. Vi skulle i utgangspunktet male karmane lysgrå, men vi må innsjå at det vert ikkje to strøk i år og derfor malar vi alt kvitt så lenge. Så kan vi heller bruke litt tid på å tenkje ut kva vi eigentleg vil.
Ein heil vegg, listene rundt vindauga og litt til er det som står att før heile huset har fått eitt strøk. For å få tid til å slappe av før hausten kjem, lar vi andre strøk vente til neste år. I tilfelle vi har meir maling etter første strøk kan vi eventuelt ta eit strøk til på ein vegg eller to.

Elles ser dokke at plenen har vorte grøn sjølv om vi har mykje att. Hagen vår er delt i to plan og vi har berre plen på dette planet foreløbig. Vi har fått materiale til garasja no og vi skal sette den opp i haust der som bilen står (midterste bilete).

4 kommentarer:

Pia sa...

Ja, jeg misunner dere ikke...Vi har ei bittelita hytte som vi driver og maler, men det tar sin tid...
Huset deres blir virkelig flott!

Marita sa...

Det eno vist fleire so står på å utnytta timane i døgnet :) Alt går med arbeid og heldigvis er det ein god følelse etterpå. Kjekt med gode vener som hjelper til også:) Dokke er flinke.

Hus på solsida sa...

Eg veit akkurat korleis det er!!
Eg har brukt alle soldagane i ferien min(dvs. 3-4) til å måle hus, og er drittlei! =( Men eg er heldigvis snart ferdig. Har brukt Beckers, og då kan eg ta to strøk på ein dag sidan den er overmålbar etter 3 timar...det likar vi =) Lykke til vidare, det blir kjempe fint! =)
*klem Astrid*

Lakka sa...

Å, misunner dere ikke malingen altså!! Vi har grunnet + 2 strøk i sommer og jeg er så glad det er lenge til neste gang;-) Stå på, det blir så fint til slutt!