Igårkveld fekk eg vere med på noko fantastisk. Det er 200 års jubeleum for Ole Bull i år og i den samanheng har det vorte sett opp eit stykke om Ole Bull frå han byrja å spele fele og til han døydde. På dei gamle markene kor Ole Bull hadde sine feriar i barndomen og seinare feriehus var det laga eit amfi med teaterscene og sitjeplassar til 2000 tilskodarar. Forestillinga varte i 1, 5 time og bergtok både meg og dei andre som såg på ikveld. Det er tilsaman tre forestillingar, den siste går ikveld.
Mange lokale statistar frå Osterøy var med, både voksne og born. På scena var det laga eit lite hus kor orkesteret satt med 35 musikarar. Frå dette huset kom det vakre tonar og nydelig musikk.Det var satt opp hes som kulisse for å gjenskape noko av opplevinga av korleis det var her på den tida. Dei var også fine å gøyme seg bak.
Levande hestar var og med i forestillinga. Her er scena frå då Ole Bull kom heim til Valestrand og bøndene flokka seg rundt han.
Stykket tok utgangspunkt i Ole Bull som 60 år kor han får beskjed frå si 19 år gamle elskerinne Sara at ho er gravid. Som dokke kan sjå så er ikkje han vidare glad. I stykket fortel han kvifor han ikkje kan vere ein god far til barnet med bakgrunn i korleis den første kona hadde det før ho døydde.
Ole Bull fekk oppleve eit brudefølgje som skulle avgjere livet hans. Det var som åtteåring han fant ut at han skulle verte verdens beste felespelar då han fekk høyre felespelaren i brudefølgje spele. Felespelaren fortalte Ole Bull at han måtte lokke på Fossegrimen for å verte ein god spelar. Ved denne fossen møtte han Fossegrimen som gjennom heile stykket følgte han som eit symbol på at Ole Bull hadde solgt sjela si til Fossegrimen og fela, og at Fossegrimen lokka på han når familien stilte krav til han.
Meir kan du lese her. Stykket har fått gode kritikkar og det er eg jammen einig i. Det er så kjekt når det skjer noko her på Valestrand, og særleg noko så stort.
1 kommentar:
Hei og takk for hyggelig hilsen hos meg. Så flott blogg du har. Ser veldig koselig ut med scrap-booking. Kortene dine var fine. Skjønne minner med barna på. Spesielt å komme hjem med ny baby og vise til storesøster.
Dette stykket om Ole Bull skulle jeg gjerne sett. kjenner en som sa det var helt fantastisk. Jeg så et program om livet hans og det var nok ikke bare bare for første konen hans nei.
Klem fra Lisemoren
Legg inn en kommentar