Eg kan ikkje skryte på meg at eg er noko teltmenneske. Sist gong eg overnatta i eit telt var på Roskildefestivalen i 2001. Ikkje at eg har noko imot teltsoving, det har berre ikkje vorte slik. Til bursdagen i år fekk Espen telt av meg i håp om at friluftsinteressene vakna til liv igjen etter nokre år i dvale. Teltet er av det rimelege slaget, men det betyr ingenting når det skal slåast opp i hagen.
Til opplysning er det eit telt frå Jysk til 500 kroner. Så då er teltdraumen mogleg å oppfylle for dei fleste.Malin har allereie lagt beslag på teltet så for oss andre er det "på besøk" når vi stig inn.
Skjønne Emil kosar seg og. Trur han likar presenningen i botnen. Fin lyd.
Titt titt.
Soveposen må også testast ut og der søv dokka. Malin insisterte på at dokka måtte få kome på biletet. Smiiil!!!!
Når ein knipsar omlag 50 bileter om dagen er det vanskeleg å avgjerde kva som skal på bloggen. Eg har så skjønne born må du vite :-)
Glidelås er utmerka til å gnage på.
Teltet er ikkje så lite at ein ikkje kan danse. Etterkvart er vel planen at Espen skal ta Malin med ut og overnatte. I hagen altså. Det gjorde vi når vi var små og det var veldig kjekt!
2 kommentarer:
Så herlig med telt og barn - har mange gode minner om leik i telt fra jeg var liten! I fjor var vi på teltferie i 14 dager, men hadde ALTFOR mye regn......
ÅÅ, ja du har søte barn!!! Kjempe skjønne!!! Og så morro med telt i hagen! Her hadde det blåst vekk;-) hehe.
Legg inn en kommentar