Av og til vert eg så lei av å finne på passande overskrift, men mitt innlegg idag handlar om kva ein kan finne på når det høljeregnar ute og borna har ferie frå barnehagen. Det har seg slik at vi skulle male huset og ordne hagen i ferien og vi har derfor ikkje bestilt/planlagt ferietur. Sola let vente på seg, derfor må ein leggje hovudet i bløyt og tenke ut noko som ein kan finne på når ein har mange born samstundes aleine.
Kose er alltid ein slager. Dette er iallefall eit forsøk på det. Emil knip seg fast der han får tak. Eg har på meg mitt vante husmorkostyme. Gamle utslitne klede og usminka ansikt. Kanskje dette kan gi dokke andre eit løft?Ta bilete. Malin sitt på bordet og ropar "Smiiil, pappa, smiiil!" På bilete kan dokke skimte jordbær i skåla. Jordbær alltid godt, uansett vèr!
Lag tog, buss eller anna som liknar. Eg vart litt imponert over Malin som flytta desse stolane aleine og plasserte dei så "vakkert" ved sida av kvarandre. Vi har sjølvsagt nokre IKEA-esker også som gjer stova til det komplette kaos. Dette er ikkje noko bilete for ein kresen interiørblogglesar.
Lage hytte av tepper og stolar. Emil likte veldig godt og åle seg rundt mellom stolbeina. Nesten som eit spøkelseshus; ein veit aldri kva som ventar rundt neste sving.
Leik med ballongar! Utruleg kor mykje underhaldning borna kan ha av ein ballong. Her var vi på besøk idag.
Ellers kan ein bake bollar, male, teikne, hoppe tau, klippe og lime papir, sjå barne-tv (velbrukt, men det virkar), pusle, lese bok, bade i badekaret, kle seg ut, synge, bygge lego og leike med leikane borna har.
Ja det er uante moglegheiter når ein må halde seg innandørs. Kva skal ein med sola eigentleg?
4 kommentarer:
He he, ja her har du jo mange forslag. Vi er heldige med været, stort sett, her østpå. Så vi nyter sommeren utendørs
Ha ha - ja swr har du jo masse muligheter! Kos deg i styggeværet! :) Vi har møkkavær her og dessverre!
Her var det mange gode forslag ja. Det er jammen ikke like lett å aktivisere de små når de er regn, regn og atter regn ute.
Ha en flott regnværsdag!
Klem, Christel :)
hehe...for et koselig innlegg! hele bloggen din er koselig foressten! og du bor på osterøy, jeg ser osterøy hver gang jeg ser ut vinduet...bor i ytre arna:) kjempefint hus dere har fått dere og! ha en fin dag!
Legg inn en kommentar