lørdag 3. juli 2010

Maledugnad

Vi fortsatte idag der vi slapp igår. Véret har vore varmt og upåklageleg. Fleire naboar troppa opp heilt utan førespurnad og saman fekk vi gjort ein del. VM og Tour de France vert diverre prioritert framfor malinga så det vert ikkje mala jamt og trutt heile dagen. Hadde det vore opp til meg hadde det vore slaveliknande tilstandar her, så det er kanskje like greitt at eg ikkje har noko eg skulle ha sagt når det gjeld pauser...
Malin har vore veggkunstnar og farmor har mala og vore husmorvikar.
Malin van Gogh
Å stå i stige og male opp ned krever sin mann. Det vert mykje søl.
Naboane Jostein og Rune. Som løn vanka det heimelaga pizza og jordbær med is.
Oldefar har montert persienna på badet nede idag, endeleg! Ingen har skjønna rettleiinga så eg satte han på saka. Jammen tok han ikkje malarkosten og. Malin og oldefar i maleharmoni.
Slik ser baksida ut idag. Ser du på innlegget frå igår så ser du skilnaden.
Jostein og Rune mala sjølvsagt denne veggen som er mot naboane. Det er meldt regn frå imorgonkveld så det vert full innsats frå morgonen av imorgon også.

3 kommentarer:

Anonym sa...

åååå, det blir så fint! Huset kjem verkeleg til sin rett nå! Veldig bra! Og så heldig at det kom litt godt ver slik at de får ei god maleøkt. Eg lurte på om eg skulle forvete meg opp ein snartur i dag, men eg har fått så vondt i ryggen så eg har problem med å føta meg. Det får bli ein annan gong :)

Anonym sa...

Så fint å ha en hel arbeidsgjeng.
Flott med nymalt hus.

Hvit Pepper sa...

Oi, så flinke dere der,huset blir kjempebra:)
Så snille naboer, lurer på om det er mulig å lokke med naboene her og..he,he;)
Tror jeg har sagt det før, men må bare si det igjen..den oldefaren imponerer meg stort:)
Og så morsomt at bare han skjønte persienna, regner med han var stolt..hi,hi:)
Ha en fin maledag:)