Det er den årlege seansen vi har, eg og Rigmor, med å møtes og scrappe til vi ser mannen med ljåen. Det er eg som har det i år og Rigmor har vore på besøk hjå meg sidan mandag. Midt i den travle kvardag har vi fått tid til litt, og her får dokke ein smakebit.
Denne LOen manglar litt overskrift, men det kjem. Er ikkje heilt nøgd. Kan kanskje vere noko med overdosen av snø vi fekk i vinter. Lagde den i forrige veke.
Malin steller Emil når vi var heime med mamma sist. Flink jente! Herleg papir med roser. Nesten ei skam og klippe i det.
Knalle fargar er litt ut i mitt hovud no, men eg må bruke opp arka eg kjøpte når eg hadde knallfarge-ånda. Malin på sykkel. Smellkry! Ho er framleis litt liten til den, men faren er ein ivrig sykkelist så han drar ho utan å mukke.
Barnehagefesten i haust. Malin var redd for å stå på scena og kom fort ned til oss. Valestrand barnehage fylte 20 år, derfor 20-talet.
Bursdagen hennar 25.august ifjor. Ein kjekk dag.
Malin vil også klippe, lime og trykke ut figurar. Litt styr, men det er kjekt og.
Så har eg eit viktig spørsmål: Korleis ser bileta mine ut? Når eg redigerer og framkallar er bileta mine sylskarpe og klare i fargen. På bloggen er dei blasse og kornete. Ser dei slik ut for deg og eller er det berre maskina det er noko gale med? Og om dei er uklare, korleis ordnar eg det?
4 kommentarer:
Ej synst ikkje bilda på bloggen e av dårlig kvalitet, kun kanskje noken av hage bilda og blomsterbeda, men dog vanskelig å få gode bilder av blomster.
Ellers synst ej det vart vanskelig å lese bloggen din med den nye bakgrunnen....blir litt svimmel av å sjå på....
Helsing fra Siv
Bildene på dette innlegget er helt klare å fine, men på innlegget under der Malin bader er de veldig kornete. Men det er vel så og si det eneste tror jeg, har hvertfall ikke lagt merke til flere uklare sånn nå i farten!
håper alt står bra til med dere! klem
Bilda er ikkje dårlige, men dei er kanskje betre før du lasta dei opp i blogger? Eg har iallefall same problemet.. bilda blir rett og slett hakket dårligare i kvalitet når dei kjem inn på bloggen, enn det dei var opprinneleg.
Ellers må eg sei eg er skikkelig imponert over scrappinga di! Kjempeflink er du! Du må jammen ha god tolmodighet! Eg slit med å få limt inn bilder på vanlig måte ;)
Klem
Det er slik som Tina seier. Dårlegare etter nedlastning. Likar det ikkje...
Elles har eg endra bakgrunn, men er ikkje nøgd med den. No kan den iallefall lesast :-)
Legg inn en kommentar