søndag 27. juni 2010

Hardt arbeid på ein solfylt søndag

Idag kan eg verkeleg skryte av meg sjølv og Espen. Vi har gjort ein kjempeinnsats med å spa jord i trillebår og tippe det rundt kanten av terrassa. Fyttikatta kor hardt det var. Vi kjenner det godt i ryggen etter fleire timar med intensiv jobbing. Med godt vèr og svigermor som passa ungane må ein berre gjere det om ein vil eller ei.
Vi unnlot å legge jord og så i plen omlag ein meter utanfor terrassa når vi sådde plen første gongen fordi vi ikkje hadde lagt på duk som skulle beskytte treverket. Espen la på duken først idag, deretter spadde vi jord så svetten sila og kreftene tok oss. Iløpet av veka skal vi få sådd i frø.
Graset vart klipt for første gong idag, men vi er ikkje sikre på om det er gras som har vokse opp eller om det er ugras. Det er vel ikkje normalt at det veks så fort og at det har kvite blomster? Vi har ein mistanke om at det er ugrasfrø frå jorda vi fekk tilkøyrt, men det er ikkje sikkert. Vi kjøpte ei dyr grasblanding som skulle vere av tipptopp kvalitetet. Får håpe det skal vere slik elles får vi byrje og luke plendekket.
Malin har fått seg blåseboblemaskin som går på batteri med farmor. Denne var stas, men eg fekk ho ikkje til å stå stille eller sjå rette vegen når ho holdt på. Derfor desse som er knipsa i full fart på terrassa. Den vakraste blomen vi har :-)

5 kommentarer:

Grankongla - Livet på Bostad sa...

Så herlig med arbeid i hagen!! I dag da sola endeli titta frem var det hest og hund som ble prioritert for min del selv om huset trenger både det ene og andre...ikke minst hagen!!

Anonym sa...

Ser flott ut!! Dokke e so flinke :o) Og so e d om å gjere å gjer mest mogeleg fortast mogeleg, så dokke kan nyte resultatet seinare, ikkje minst neste år / sommar ;o) Må no berre skryte ja :o)) Klem Lenemor

Lykkeliten sa...

Åh, det er tungt arbeid ja!
Akkurat vært gjennom noe av det samme. Men så utrolig godt når resultatene vises=)
Herlig jente dere har! Ser hun er august 07 jente, samme som min;)

Marita sa...

Ugraset kjem vist berre ein gong sei de så går nok fint å klippe de... Vi viste ikkje betre og luka vekk alt for hand :) Kjedeleg, men vart ein besettelse... Tok litt i gongen så kom vi i mål... ikkje sett det igjen sida. Lukke til

kjersti70 sa...

Fine jenta! Og like fin gut rett under her. Det er fantastisk å ha barn i denne alderen, men også veldig slitsomt.

Det er kjekt å sjå at det gror rundt huset dykkar; må ta meg ein tur igjen ein dag. Det kan bli ei stund til ser eg, for neste veke er eg i felt i ei heil veke, men kanskje etter det? Eg insisterer på å drikke kaffe på den der terassen dykkar. Det trur eg nemmeleg er veldig bra!

(og når det gjeld treff i morgon ser det veldig mørkt ut. Eg er enke i kveld også, og alt er kaos på makker sin jobb. Tour de France startar jo, men det veit du sikkert godt ;) )