fredag 18. juni 2010

Alt har ein ende

Ein litt stusseleg dag idag. Rigmor har reist tilbake til Austlandet og eg sitt igjen med regn og vind utanfor stoveglaset. Scrappemaratonet vårt i år har verkeleg bert frukter. Rigmor har scrappa 12 sider (!) og eg har laga 7. Vi har fått tid til mange andre ting og, så eg er verkeleg nøgd. Denne gongen har eg lagd litt meir nedtona albumsider, og dei er ganske enkle i stilen. Det var meining at eg skulle pynte dei litt meir, men når vi var på Papirgleder på Sotra igår, fant eg ingenting. Det vert nok eit besøk på ein nettbutikk etterkvart, men akkurat no har eg vel brukt nok pengar på akkurat dette.
Denne sida vart ikkje heilt slik eg hadde tenkt, men det får stå si prøve. Hendinga på sida er absolutt ein må-scrappe-situasjon. Her fant Malin ut at ho skulle amme dokka slik som mamma gjorde med Emil.
Turen til Hardanger i sommar vart ikkje så solrik som vi hadde tenkt oss, men dagen i Lofthus var av det sommarlege slaget. Malin fekk dilla på moreller og bygda hadde mykje fint og by på. Ein koseleg dag ilag med mormor og besten. Eg har brukt eit mønsterark med mange søte detaljar. Då er det nesten synd å pynte den så mykje.
Her har fargenyansane betydd alt for at sida skulle uttrykke ro. Dessverre kjem ikkje dei nyansane heilt fram på bloggen, men eg fekk den bra til synest eg. Eit flott bilete av ein nyfødd gut på mormor si varme bringe.
Emil følg meg overalt og det er stort sett ikkje noko problem, heller ikkje på scrappebutikkar. Han er så blid og nøgd uansett og sjarmerer alle rundt seg. Eg er så heldig som har ein så fin gut. Han smiler og pludrar nesten heile tida. Ein godgut som smeltar mamma sitt hjarte.
.
Heilt på tampen må eg nevne ein blogg som gir vekk ei nydeleg veske idag. Klikk deg inn på Line's country living og ver med i trekninga.

4 kommentarer:

Godt Isolert/Victoria sa...

Så flink du er til å scrappe! :)

God helg!

Anonym sa...

Flinkis:) skulle likt å lært mej kunsten, men eg har nok med å lime inn bildene i generasjonsalbum og skrive gøye kommentara under. Til no har eg laga heile 3 generasjonsalbum til Amalie, og skal no starte på Aurora sitt album no. "Endelig kome til 2010 bilder som eg lim inn" he he

Ellers, glad for at bakgrunnen din på bloggen ikkje lenger e så "masete" :) blir ikkje svimmel no:)

Klem fra Siv

Anonym sa...

Kjempefine og koselege scrappesider :o) Og so kjekt å sjå herlige Emil - han e no berre so go!
Du får avtale med Rigmor at dokke tek 2 gongar årleg då iallefall so dokke kan ulyste dokke med scrapping, handleturar og kos oftare - trenge litt sånn jentetid me veit du ;o)
Klem Lenemor

Barn i heimen - Cecilie sa...

Så utruligt sjarmerande det siste bilde av lillegutt.
Og så flink du e som scrapper sånn. Ein skatt for ungane å få se på minnene... Kjenne på litt dårlig samvittighet. Har det meste på macen - så den må bare ikkje kræsje!

God helg!!