mandag 7. juni 2010

Plutseleg måtte eg lage eit blomebed

Det har vore litt stille på hagefronten i eit par veke no. Det er så mykje som skal gjerast på ein gong at vi manglar tid til å få fullføre det meste. Ein må ta litt her og der og prioritere det som hastar mest. Idag må eg vise litt av det som skjer utanfor. Det blømer sjølv om det er nyplanta, det hadde eg ikkje forventa. Eg har også laga eit bed i full fart idag.
Rhododendronen blømer. Tenk at denne skal verte 2-4 meter! No er den pitteliten og har små vakre blomar.
Eg har planta blå kristorn. Gjorde det for vel ei veke sidan. Den skal vekse seg høg og fin for å skjule biovacen og styringstavla. Den har raude bær og er vintergrøn.
Og her er bedet som eg måtte lage ikveld. Det var ikkje planen at eg skulle vere ute i hagen idag, men så fekk eg ein telefon om at det var mange stauder som venta på meg. Eg og Maren (ei venninne) var på hagevandring for ein månad sidan og då snakka vi med ei som Maren kjenner og som gjerne ville dele sine stauder med oss. Eg har ikkje tenkt noko på dette sidan då så eg vart overraska idag når Maren ringte og fortalte at det sto masse blomar og venta på meg. Staudene måtte raskt i jord og vatn og derfor vart det laga eit hastebed. Etterkvart som eg ser kva som har overlevd og når eg veit korleis eg vil ha ting, kan eg nok flytte dei igjen. 12 sortar fekk vi, heilt utruleg! Eg har også planta i dei plantene eg kjøpte på loppemarked.
Her er det som blømer no. Den gule blomen har eg ikkje noko navn på, kanskje du har det?

Takk Annlaug Solvang for at du har vore så snill med oss. Veldig sjenerøst.

1 kommentar:

Grankongla - Livet på Bostad sa...

Så herlig å få stauder av gode naboer - det er kjekt og mang epenger spart!! Skulle gjerne hatt mer stauder for å lage bed bla. deer hvor begge de gamle hundene ligger, og oppe ved postkassa - det får bli en gang vi blir litt rikere :)