Å for ein herleg dag! No kjem sommaren, det er eg heilt sikker på. Eg har sommarblomane mine ute om natta og eg har tatt på meg shorts for første gong i år.
No er det så varmt at Emil kan kose seg ute under parasollen. Vi har ein fantastisk uteplass som har sol heile dagen, er vindfri og flott utsikt.Igår var eg på planteloppemarked for første gong. Det var arrangert av hagelaget her på Osterøy og mange kom til museumet kor tilstelninga var. Det dumme var at det var tre gongar så mykje folk som det var planter, så på 10 minutt var alt utsolgt. Det var sjølvsagt dei som har etablerte hagar frå før som fekk med seg mest, og vi som ikkje har noko i hagen frå før fekk pittelitt eller ingenting. Eg skal oppfordre hagelaget til å arrangere fleire loppemarknadar iløpet av ein sesong for alle ruskar ikkje i hagen på same tid. Uansett, eg fekk med meg fire planter som eg planta ut i kveld på ein mellombels veksestad. Det heiter seg slik at ein må sjå om plantene har med seg uønska dyr og ugras før ein inviterer dei i hagen. Så no står dei på andre sida av vegen kor det til vanleg berre er slåttemark.
Den nederste planta til høgre ser dokke har ikkje navn. Den veit eg nemelg ikkje kva heiter. Det visste ikkje onkelen til Espen heller som har hatt meg som tjuv i hagen sin. Den sprer seg lett som eit teppe i bedet og er blå av farge. Blomane er ganske små.
På nært hald ser den slik ut. Litt mørkare i blåfargen enn på bilete. Veit du kva den heiter?
På nært hald ser den slik ut. Litt mørkare i blåfargen enn på bilete. Veit du kva den heiter?
Om nokon har lest forrige innlegg så spurte eg der om nokon visste kva eg kunne gjere dersom nokre av plantene ikkje veks slik som dei skal. Igår forhørte eg meg med ei som jobbar der eg har kjøpt plantene, og ho ber meg om å returnere dei for å få nye. Blomar er som mennesker, fekk eg vite, dei fungerer ulikt slik som oss.
4 kommentarer:
Er det ikke "forglemmegei"-blomster?
Nei, den er lysare i blåfargen.
Da prøver jeg "vårkjæreminne" - etter tips fra mamma! ;)
Vårkjærminne var det! Takk!!
Legg inn en kommentar