Litt ut på formiddagen, eigentleg alt for tidleg på ein søndag, byrja Espen og Steffen med terrassa. Utfordringa er å få dei første borda beine slik at resten av jobben går smidig. Jostein kom etterkvart og hjalp til, og litt har no dei fått til idag og. Det er lov og ha korte dagar og spesielt på ein søndag er det lov og kvile. Det ser bra ut så langt.
Terrassa er 24 kvadratmeter. Veldig stor etter mitt skjønn og her kan ein og vurdere om ein vil ta seg ein dans.Vi er no som sagt tidleg oppe og i morgontimane planta Espen i i to rhododendron av typen Parkrhododendron eller catawbiense grandiflorum for å vere heilt nøyaktig. Den kan verte 2-4 meter og har store lilla blomar. Fin altså, men den må plantast slik at den kan verte stor. Vi har ikkje orka og tatt vekk materiale som vi brukte når vi laga grunnmur, men det skal altså vekk. Vi har planar om ein sti frå vegen og opp akkurat der, og då er det fint med planter på begge sider. Vi skal og ha rhododendron vidare bortover langs skråninga (mot venstre) ilag med andre surjordsplanter. Det er ikkje berre jobbing. Litt kos er det rom for også. Malin og oldefar kosar seg alltid ilag. Her demonsterer Malin korleis ein brukar forstørrelsesglas.
Oldefar får sjå kva ho fekk i Kinderegget.
Og han får prøve å sjå litt han og.
Det er meir igjen av dagen, men om vi vert så mykje meir ute er usikkert. Det er nemlig gråe, tunge skyer ute og regndropar i lufta.
4 kommentarer:
Det blir godt med stor terrasse, og det er nå engang slik at når den er oppe og full av møbler så plutselig kommer behovet for å utvide :) hehe!! På hytta har vi drøyt 100 kvm og det er helt perfekt! HVem skulle tro det (da den ble bygget var terrassen 3 ganger så stor som hytta nesten...)
Det er kjempe lurt å bygge stor terrase. Ser jo selv når jeg er ute i hagen er jeg mest på terrassen:)
Kos deg videre og ha en kjempe fin Tirsdag.
Herlig med stor terrasse da:)
Når en først tar de i bruk,tror jeg de aller fleste synes de godt kunne hatt de enda større..hi,hi;)
Tror vi og kommer til å synes det, selv om verandaen så stor ut på papiret..:)
Koselig med oldefarbesøk ♥
ÅÅ det ser ut til å bli en herlig terasse ! Vi og skal gå igang med det prosjektet en gang i sommer.
Huset deres ser fint ut !
Legg inn en kommentar