Det har vore ein fin 17.mai med tradisjonell feiring på Valestrand. Dette blogginnlegget er ein liten skrytealbum. Det har seg slik at det er mykje familie og venner som leser denne bloggen og på ein slik dag må ein verkeleg vise fram sine søte små.
Kl 08 hengte vi flagget opp og sto på verandaen oppe og lytta/såg etter salutten frå den nye kanona som Valestrandsfossen har fått. Desse valestrendingane er noko for seg sjølv og har altså anskaffa seg kanon med formål å skyte saluttar på 17.mai.Den obligatoriske fotoseansen. Malin har fått seg ny bunad og Emil har vore så heldig og få låne ein nordhordalandsbunad. Emil ser villeg inni kamera. Malin derimot gjer alt anna enn nettopp dette.
Når alt var prøvd for å få ho til og sjå på fotografen, når skoa var studert og så vidare, ja då var dei lei. Så dette var det eg fekk til.
Det var enklare å ta bileter når dei var aleine og med eit flagg og vifte med. Er dei ikkje skjønne? Mor er så stolt over å ha dei finaste borna i verda. Heilt objektivt sagt naturligvis...
Malin var lei av å sitje i vogn og ville gå. Når ho fekk gå ville ho verte bert. Å gå i tog er altså ikkje enkelt, men Malin synest det var kjekt og gå saman med barnehagen. Mormor og Emil er like bak.
Vel framme med Bullahuset var det på tide med litt kjeks. Det hjelp mot det meste.
Malin og ho mor sjølv.
Mormor og Besten. Dei har vore saman med oss heile helga, men måtte diverre gå midt i feiringa fordi dei skulle reise heim.
Malin er lei av å høyre på talen.
Etter talen var det betasuppe, kaker og smørbrød på skulen. Emil sov heile dagen utanom her kor han fekk seg litt mat. Dei som satt ved borda rundt oss fekk sjå han i bunad, men elles var han gøymt ned i vogna. Godt vi kan ta bilete og forevige augneblinka.
Årets 17.mai-komité hadde fått lånt sightseeingtoget frå byen og heile ungeflokken i bygda var svært begeistra. Det passa fint at Malin kunne få ta tog denne dagen fordi ho trudde før dagen idag at det var nettopp det ho skulle få når vi sa ho skulle gå i tog. Her kosar Malin og Elias seg, dei var ganske fascinerte. Nytt av året var også salg av gassballongar. Gjett om det var stas!
Alt i alt ei flott feiring. Litt kaldt, men det kan ein ikkje gjere noko med. Gratulerer med dagen alle saman!
3 kommentarer:
Masse flotte bilder - ser ut som om dere har hatt en flott feiring! Skjønne unger i flotte bunader!
Klart det er heilt objektivt ;o) So gode begge 2, og kjekt å sjå bilete av dei + deg i bunad. So fine atte :o)
Me he hatt ein fine dag her også, litt mykje regn ei stund, men heilt greitt....
Kjekt at ho mor og Ivar tok seg eit tur då :o)
Sakna dokke.... Klemz Lenemor.
Så flotte bilder av hele familien! Vi tok en utradisjonell 17. mi i år siden vi som kjent ikke har unger;) det blei derfor padletur med bikkja og et vennepar :)
Legg inn en kommentar