torsdag 14. januar 2010

Å velgje middagsservise

Eg har tenkt i mange år på å byrje og samle på middagsservise, men mangel på plass har hindra meg i å gjere nettopp det. No når huset snart er ferdig har eg byrja å tenke på kva eg skal samle på. Eg hadde i mange år planar om å samle på eit servise hjå Tilbords, men det er gått ut av produksjon. Så eg må tenke nytt.

Bilete over vise eit servise som er tilnærma likt det eg hadde først tenkt meg. Servise produserast av Wedgwood og er designa av Vera Wang. Navnet på denne modellen heiter Champagne Duchesse. Det er kvitt med eit band av gull i kanten. Eg finn ikkje nokon utsalgsstad her i Noreg, men kanskje du veit om det? Skulle gjerne ha sett serviset "live" før eg tok avgjersla.
Eg er også open for andre forslag, men utfordringa er å finne eit servise som passar til dette bestikket; Admiral frå Hardanger Bestikk. Dette bestikket har eg no til 12 stykker i tillegg til serveringsbestikk. Admiral har gull i dekoret og eg er derfor avhengig av å ha eit servise som står til. Eg byrja å samle på bestikket når eg var omlag 18 år og mykje har skjedd sidan då, men eg står for valet og er ikkje interessert i å bytte det ut. Eg synest at det skal sjå litt elegant ut når det skal vere "til bestes". Servise skal forresten vere tidlaust då planen er å ha det til eg døyr :-)

8 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt å samle ;o) Men velg nåke som mest sannsynleg ikkje går ut av produksjon før du er ferdig med å samle. I tillegg må du tenkje på om det går å vaske oppvaskmaskin. Ikkje alle med gulldecor skal det, og då blir det brukt desto mindre. Når du først brukar det er de nok mange til bords og ikkje så kjekt å vaske opp for hand då nei....
Du treng ikkje ha gulldecor på serviset, om det er kvitt og enkelt står det veldig godt til bestikket ditt.... Gudd løkk - og se frå når du he bestemt dej so kan du begynde å ynskje ;o) Klem Lene.

Anonym sa...

Ikkje enkelt å bestemme servise nei, og om det går ut av produksjon, det veit dei aldri. Serviset vi valte gjekk ut allerede året etter vi fekk det i bryllupsgave. Giselle heiter det, og det var på tilbords dei hadde det. Ej spurte til og med spesifikt om det kom til å gå ut av produksjon...så akkurat det kan ein aldri vite..

"siv"

Anonym sa...

Om det er viktig med gullband rundt så har tilbords eit servise som heiter golden paisley, du kan no kike på det.

Greit å kjøpe servise der du får sett det på forhånd:)

"siv"

Torill sa...

Golden Paisly har gått ut av produksjon no nettopp. Det var det eg hadde tenkt å samle på. Elles so vil eg ha litt mønster i det kvite dersom det skulle vere kvitt. Heilt enkelt kvitt kan ein kjøpe på IKEA...

Anonym sa...

Hva med TID fra porsgrunn. Det er helt hvitt med mønster i hvite.
Rigmor

Anonym sa...

Dette syns eg var fint, men sjølv likar eg sølv litt betre enn gull. Vi fekk Sterling frå Wedgewood til bryllupet. Eg har vore VELDIG fornøgd med dette; alt er veldig enkelt; kvitt, med sølvkant. Det går til alle stilar; enten du likar minimalisme eller er meir romantisk anlagt. Her er det: http://www.wedgwood.com/GB/searchFor=sterling/searchIndex=12
Eg veit ikkje om det er i fare for å gå ut, men det har i alle fall eksistert sidan 2002. Meiner at det var relativt nytt den gongen.

Torill sa...

Ser forresten at det var ikkje golden paysly eg skulle samle på, det var golden sterling. Som ikkje fins lenger...

Er nok ikkje tilhenger av gull sjølv, men har eg no tatt det valget for lenge sidan, ja så må eg forholde meg til det. Takk for gode tips.

Anonym sa...

http://sovschola.ru/content/payday-loans-online-suri-stonehenge