søndag 3. januar 2010

Søndagsdugnad

Idag fortsatte vi der vi slapp igår. Maling og tapetsering. Jo Vegard har fått brista ribbein og eit forslått halebein etter akinga og kunne derfor ikkje stille idag, men Åsta var parat med malekleda.
Åsta har malt gangen ein og ein halv gong og loftstova ein gong. Eg har hjulpe henne litt, men det er ho som har stått for det meste av arbeidet.
Bestefaren til Espen hjalp han med å tapetsere ein vegg på stova idag.
Og eg sparklar mens Emil ligg og søv. Biletet er ikkje redigert og slik ser eg altså ut akkurat no. Bleik og usminka med ein utvaska hårfarge. Slik skal det vel vere når ein har nettopp født, oppe dag og natt og i tillegg har eit hus å gjere ferdig.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det er kjekt å halde seg oppdatert her på bloggen! Spennande fase de er i no! Eg har notert meg fargen på stova; noko som går mot grått høyres bra ut! Sjølv har vi teikna el-punkt på skisser dei seinaste dagane, og nå prøver eg å orientere meg på dører, og gjere eit valg. Ventar på brosjyrar i posten! Eg må komme meg opp ein tur og kikke! Har heimekontor denne veka, så kanskje eg skal ta meg ein tur :)

Anka sa...

Hei. Ja, nå er det tilbake til hverdagen og maling og tapetsering. Det blir jo så bra da. Så leit å høre om brista ribbein og au, au i halebein... Ønsker han god bedring! Kos dere videre med huset:)