onsdag 6. januar 2010

Full aktivitet i huset

Vi er i huset kvar dag og det skjer ein del no i alle rom. Ute er det bikkjekaldt, heile -18 grader idag, men arbeide må vi likevel. Stakkars Emil på 6 veker vert dratt hit og dit med ull frå innerst til ytterst, kaldt og fælt. Når vi er i huset plasserer vi han i vogna kor han søv stort sett heile tida. Ikkje så rart kanskje, han svimar vel nesten av når det luktar maling og membran rundt han.
Flisleggjarane skulle eigentleg kome på mandag som kjem, men på mandag for to dagar sidan ringer dei og fortel at dei var i huset no. Dei hadde mindre arbeid fordi dei ikkje kunne jobbe utandørs og kom derfor ei veke for tidleg. Kanskje positivt at folk kjem før planlagt tenkjer du, men når dei seier at dei treng flisene om to dagar så vert det stress. Vi har stressa som nokre galningar i tre dagar no for å få tak i dei rette flisene til riktig pris. Det skulle ikkje vere enkelt. På Megaflis fant vi nokre golvfliser på badet oppe, betalte og kom ut på lageret for å hente dei. Inni bilen kom dei, men rett etter fekk eg ein telefon om at eg hadde fått feil fliser. Flisene eg hadde betalt for fanst ikkje. To timar bortkasta, pengane i retur og tilbake til start. Det einaste vi fekk med oss heim den dagen var veggflisene på badet nede.
Igår var eg og mamma på First Price Tiles og kjøpte fliser til golva på vaskerommet og badet nede. Det tok en halvtime å bestemme, betale og få dei i bilen. Her skulle vi vere effektive for eg skulle på 6 vekerskontroll nokre timar seinare. Flisene er dei som flisleggjaren over legg. Skal kome med nye bileter seinare. Så var vi ute på Megaflis og betalte for veggflisene oppe for å vere sikker på at dei ikkje skulle gå tom. Espen har henta dei idag. Så no er alle flisene i hus utanom dei vi skal ha i gangen. Vi har til no betalt 11.000 kr for flisene. Vil ikkje seie det er så mykje, eller?
André, bror min, kom på søndag ilag med mamma for å hjelpe oss. Han har stått med malerullen i tre dagar no. Han har malt resten av stova og kjøkkenet, samt to soverom oppe. Dei to soveromma har fått fargen Sjel. Sjel har litt gult i seg og virkar litt kremaktig. Fargen vart bestemt når eg kjøpte den i reint stressmodus. Det ser likevel ut som at fargen var et godt valg. Halve dagen idag har han hjelpe oss med montering av kjøkkenmodular.
I tillegg til å passe born, har mamma malt rommet til Malin. Veldig fine blåfargar og eg kan anbefale fargane på det sterkaste. Eg skal kome med alle fargekodene i eit anna innlegg. Alt er mala i huset no utanom halve gangen. Og vi har kjøpt alt for mykje maling. Vi sitt igjen med sikkert 25 liter maling. Noko vert brukt til boda, vaskerommet og resten av gangen, men det vert nok mykje til overs likevel.
Eg har rydda og kasta i huset idag samt montert kjøkkenmondular ilag med André.
Pappa kom til Valestrand i ettermiddag og gjekk igang med kjøkkenet. Espen byrja igår og montere, og dei fortsatte jobben idag. Over ser dokke kor langt dei har kome og imorgon held dei fram der dei slapp.

4 kommentarer:

Anonym sa...

So bra at dokke fe gjort so mykje:) bra du får hjelp av Unni og far din da:) Gler mej til å sjå kor det blir til slutt.

Helsing fra Siv

Pia sa...

Så bra at dere får masse hjelp! Du får kle godt på minsten når du tar han med ut, så går det nok greit.
Ha en fin dag!

kjersti70 sa...

Så kjekt å sjå; nå begynner det jo verkeleg å sjå fint ut her! Lyst og fagert! Eg satsar på å komme ein tur i morgon, men melder deg i forkant så klart. Vi tar det berre om det passar :)

Anonym sa...

Ser ut til at dokke fe gjort mykje ja, og bra malinga e unnagjort - du store, mykje som skjer ;o)
Og so kjekt å samlast "family 4" og mimre litt, eller hur?
Fint bilde ta Andrè, søt og blid som alltid ;o)
Sakna dokke....
Klem Lenemor.