fredag 22. januar 2010

Mine søte små

Dagane handlar stort sett om husbygging, også her på bloggen. For å ikkje gløyme kva som er det viktigaste for oss, viser eg dokke våre søte små idag. Emil fyller 2 mnd imorgon og Malin vert 2 år og 5 mnd om 3 dagar.
Malin utviklar språket i ei rasande fart for tida. Orda vert meir sammanhengande og tydelegare dag for dag. Ho oppfattar utruleg mykje, hermar sjølvsagt etter oss og skal gjere ting slik som vi har gjort det. Så vi voksne må passe på ordbruken... Emil har fått meir blikkontakt. Han smilar mykje og lagar lydar. Han søv godt om natta utanom måltida og gulping har det heldigvis vorte mindre av. Utsjånadsmessig har han vorte veldig lik Malin slik ho såg ut på same alder. Verdens finaste ungar synest eg!! :-)

5 kommentarer:

R-15 sa...

Kjempesøte, begge to :-)

Anonym sa...

JA!! Verdens finaste! Gler mej til å treffe dei igjen (og Emil for første gong) og ikkje minst dej min skjønne og Espen :o) Klemmmmm Lene.

Marita sa...

Utan tvil nydelige :) Om du skulle vere i tvil so er det du so gjer den viktitgaste jobben oppi husbygginga... Ungane kreve mykje og utan at dei daglege gjeremåla vert gjort kunne ikkje espen stått på i huset heller :) Hugs det når det kriblar so verst i fingrane etter å jobbe på - det vert litt lettare etter innflytt :) KLEM

Anonym sa...

Ser søskenlikheita no ja:) skjønningane:)

Helsing fra Siv

Anonym sa...

Såå fine!!!