fredag 8. januar 2010

Husets hjarte; vedovnen.

Tenkte det kunne hjelpe med eit varmande innlegg akkurat no. Ein merkar det særskild godt no at valg av varmekjelder er ganske vesentleg. Vi har diverre ikkje varmekablar eller vannboren varme i golvet, men ein god vedovn håpar vi hjelp litt. Vi har ein mengde skog å ta av, heilt gratis, så det er klart at vedovn skal vi ha.
Westfire Uniq 21 heiter denne og skal pryde stova vår i mange år framover. Den er ikkje så stor, 80 cm høg, men den varmar 30-100 m2. Stova vår er 50m2. Eg har ikkje hatt vedovn sidan eg flytta for meg sjølv, så dette gler eg meg til.

Det er dette som er draumen; ein kakkelovn. Eg måtte hatt eit større hus då om noko av denne størrelsen skulle i hus. Litt rikare måtte eg kanskje vore også. Ein slik ovn kostar mellom 30-50.000 kroner. (bilete er henta frå www.kakkelovn.no)

5 kommentarer:

Husdraumen/Anita sa...

Eg likte faktisk betre den de har valt enn kakkelomnen;)

Husdraumen/Anita sa...

Hoho...Ørsta ja. Det trudde eg du hadde snappa opp for lenge sidan?;)

Anonym sa...

Omnen de har valgt er fin den! Enkel og stilig; og den kjem til å bli fin i stova! Verkar som eit godt val! Sjølv sender vi vennlige blikk til oljeomnen i kroken; velveret å kjenne varmen krype tilbake inn til margen var ubetalelig :D Mannen i huset blei også veldig glad når han kom heim :) (for den unnvidde: vi har lånt ein oljeomn av Torill, nå i kulden).

Ida sa...

JUPP, vil gjerne ha en slik en jeg også! Har du sett nettelitas sin.. nyyyydelig! Jeg er så misunnelig - men det må jo nesten passe inn i interiøret også da! Tenk å ha en på badet.. da hadde jeg nok flyttet sengen min inn der.. hihi!

Klem

Astrid Marie Vie sa...

Heihei.
Så langt dokke er kome med huset! Må seie eg er litt misunnelig, det er nok leenge til vi kjem like langt :-S
Ovnen dokke skal ha var veldig fin. Eg må inrømme at eg syns den var finere enn kakkelovnen...syns det kan bli litt masse med kakkelovn med gullramme...
Eg får tid til litt hobbyvirksomhet inn i mellom, er ikkje alltid ole treng hjelp i huset =)
*klem Astrid*