Malin er ei skikkeleg rufsejente. Ho vil verken klippe seg, børste seg, ha strikk eller klemme i håret. Håret hennar er tjukt og flokete, akkurat som eit lite troll.
mandag 27. desember 2010
Trollet vårt
lørdag 25. desember 2010
På julafta har vi det bra
Etter veker, dagar og timar med handling, rydding og pynting var julafta endeleg komen. Malin har gleda seg enormt til denne dagen, men har ikkje heilt visst kva som eigentleg skulle skje. Kanskje kjem nissen? Kanskje får ho ein pakke? Emil har ingen refleksjonar rundt dette sjølvsagt, medan mor og far i huset er mest opptatt av alt skal vere på plass og sjå fint ut til jula ringer inn.
mandag 20. desember 2010
Kjøkkenhjelpa ladar opp til jul
Det er fire dagar til jul og eg er igang med innkjøp av julematen. Det er ikkje noko rimeleg affære, men det er veldig kjekt å ha ansvar for matlaginga når det er jul. Det er den tida i året tradisjonane er urokkelege og det ikkje er noko rom for eksperimentering. Når eg står på kjøkkenet har eg ofte nokre småhjelparar rundt meg. Av og til kan no hjelpa vere meir til bry enn glede, men samstundes prøvar eg å oppmuntre dei til å verte glad i å lage mat. Ingen lett balansegang.
Til opplysning kan eg fortelje at eg vaskar pannene Emil har hatt i munnen... Lykke til med julemathandelen alle saman.
søndag 19. desember 2010
Rydding-eit nødvendig onde
Sanninga sin time er komen. Det er tid for å brette ut det aller helligaste; rotet. Igår hadde vi julebord her heime og på onsdag byrja eg å rydde. Det er ein ting at vi har to små born som strør leikene om seg like fort som vi ryddar dei på plass, men det er to voksne i huset også som ikkje sett på plass ting etterkvart som det vert brukt. Til tider kan det sjå heilt forferdeleg ut her, og på onsdag var det ein slik dag. Det var 3 dagar til julebord og mor i huset måtte brette opp ermane og tak seg sjølv i nakken.

søndag 12. desember 2010
Stemningsrapport
Denne helga vart ikkje heilt som planlagt. Både idag og igår har vi vore "isolert" her oppe på toppen grunna at vår berømte bakke har vore full i is. I byrjinga av veka har det snødd og ikkje vorte måka, deretter har det regna kraftig for tilslutt fryst til is utan at all snøen hadde forsvunne. Skrekkscenario de luxe! Det er ingen automatikk på at vedkommande som skal måke her kjem når det trengs, derfor er snøfresar det neste vi skal kjøpe oss.
Det er tredje søndag i advent, og her er det som skjer akkurat no heime på Dansebakken:
Ny veke, nye moglegheiter. Vi er som vanleg seint ute med julehandelen, men satsar på at vi er igang iløpet av dei næraste dagane. Fristen for å sende pakkar er 16.desember, så då er det vel berre til å byrje. Ha ei fin førjulsveke alle som tek av si tid til å besøke bloggen min.
fredag 10. desember 2010
Heimelaga sjokoladekonfekt
Ikveld har eg og Katrine kost oss med sjokolade i fleire variantar, nougat, mandlar, sukker, fløte, smør, cognac og så vidare. Vi smeltar, hakkar, rørar, grisar og et. Det var veldig koseleg og ikkje minst artig. Då vi skulle smake på resultatet var vi ganske så kvalme på det søte, men vi klarte å trykke i oss så mykje at vi kunne konkludere med at det var godt.
Sjølvsagt skal du få nokre av oppskriftene.
Mandelnougat
100 gr hakka mandlar
250 gr nougat (Odense f.eks)
150 gr kokesjokolade (vi brukte Dronningens)
Rist mandlane i ei tørr og varm panne. Smelt nougaten og sjokoladen over vannbad. Løft panna frå varmen, rør i mandlane medan sjokoladen framleis er smelta. Hell massa i ei bakepapirkledd paiform. Sett forma i kjøleskapet og skjær sjokoladen i bitar når den har vorte kald.
Konjakktrøflar
200 gr mørk sjokolade
1 dl kremfløte
2 ss smør
1,5 ss konjakk
Evt. 150 gr mørk sjokolade til glasur
Bryt 200 gr sjokolade i bitar og ha det i ein bolle. Kok opp fløte og smør. Hell den varme blandinga over sjokoladen til sjokoladen er smelta og kremen er glatt. Rør i konjakk. Sett i kjøleskap. Trill trøffelen til kuler når massen er stiv og kald. Oppbevarast kald. Dersom du ønskjer sjokoladeglasur smeltar du resten av sjokoladen i vannbad og dypper kulene i.
Dersom du ønskjer oppskrift på dei to andre sjokoladane, kan du legge igjen kommentar og så sender eg det til deg på mail. Kjenner eg er trøytt og vil finne senga. *God natt*
onsdag 1. desember 2010
Endelig stjerne i vindauge
Vi har vore utan julestjerne i fleire år fordi eg ikkje har funne noko eg likar. I år når vi har fått nytt hus og skal feire jul her for første gong er det ekstra viktig at vi har julestjerne i vindauget. Eg har sett for meg ei stjerne lik den vi hadde for nokre år sidan, men som diverre berre fungerte eitt år.
På Kremmerhuset får du denne vakre stjerna til kr 149,-. Eg likar desse stjernene kjempegodt. Dei var veldig populære for seks-sju år sidan, men i mitt hovud har dei alltid vore ein favoritt. Den har små, søte lys og masse glasperler som dett av kvar gong nokon berører den.
Eg ønskjer å ha ei stjerne som kan vare i fleire år. Julepynt er forbunde med tradisjonar og er noko ein tek fram år etter år. Litt fornying er sjølvsagt lov, men julestjerna er sjølve symbolet på ventetida og derfor er det fint at vi tek fram den same kvart år. Eg er veldig nostalgisk av meg når det gjeld jul. Eg er oppteken av norske juletradisjonar og ei vakker jul med familien. Eg har aldri vore noko "julemenneske" med nissar og raudt overalt, men eg kjenner eg gleder meg meir til jul no når eg har born og eige hus.
Apropos raudt. Det er mange som tenkjer på Emil som har vore sjuk så lenge og han er betre no, men vi var til legen idag og han har diverre fått raude hundar. Han har utslett på heile kroppen, er slapp, et lite og vil berre vere i armane mine. Så eg er heime med han med håp om at han snart er frisk og rask igjen.
søndag 28. november 2010
Adventskos
Vi har tent det første lyset idag. På mange måtar kan vi vel seie det er startskotet for førjulsstria. For vår del har vi brukt helga til å førebu og feire Emil sin første gebursdag. Eg legg merke til at det er mange som pyntar til jul allereie no, men ventar til veslejulaftan. Det har mest med tradisjon å gjere, men også det faktum at eg vert lei av jula før den har byrja dersom eg skal omgi meg med julepynt 4 veker før pinnekjøtet vert sett på bordet.
Heilt tomt for pynt er det likevel ikkje. Eg har kjøpt to raude julekapper på kjøkkenet. Julegardiner på heile stova vert i det meste laget, men litt stemning i glasa på kjøkkenet vart fint. Mi store samling av Noregsglas kjem til nytte på mange måtar. Eg har dekorert mine små juletre med gullperler festa med gullstreng, og eit glas med valnøtter har fått eit band frå Stoff og Stil. Kan forresten seie at Stoff og Stil har mykje å tilby for den julefrelste.
Desse nissane var framleis våte og lukta grønnsåpe då eg kjøpte dei på julemessa i Osterøyhallen for nokre veker sidan. Eg er ikkje noko nissemenneske, men desse likte eg veldig godt. Det beste av alt er at dei er handlaga og at eg veit kven som har laga dei. Eg kan ikkje vente til veslejulaftan derfor får dei stå i glaset no medan dei enno luktar grønnsåpe. Slik lukt er nemlig ikkje kvardagskost her i huset...
Min sparsommelege adventspynt begrensar seg til dette. Fire kubbelys i eit speilbrett med sølvsteinar og einekvistar. Det er vert ikkje så mykje pynt når eg har Emil som riv ned alt han får tak i. Duken som dekkar den lyseblå sjenken er handlaga engelsk broderi. Den vann mormor til meg for mange år sidan på ein basar, men det er faktisk første gong eg har tatt han fram. Sølvkanna er arvegods frå tanta og onkelen til mamma. Den er frå Marokko og er kjøpt for 30 år sidan. Mamma fekk også ei slik kanne med dei når dei var på tur den gongen, og for meg har "marokko-kanna" alltid vore forbunden med jul.
Visste du at første advent er første dagen i kyrkjeåret? Før var advent forbunden med faste, men no er det kun ei ventetid mot jul. Den liturgiske fargen er lilla og derfor har vi fire lilla lys.
Og her er vår stakkars Emil som kjenner seg heilt elendig. I natt hadde han 40,1 grader i feber og sov svært urolig. Han har ikkje matlyst, er slapp, vil berre berast og kose med mamma. Mammahjarte får vondt av å sjå han slik, men imorgon skal han til eittårs-kontroll så då får dei ta ei vurdering med det samme. Han har hatt feber sidan fredag. Det samme skjedde sist helg. Klart det er ikkje kjekt for nokon at han har det slik, men verst er det nok for den vesle guten. Vi har hatt marking av eittårsdagen hans, men jubilanten var ikkje særleg nøgd så det vart eit kort selskap.

Ønskjer alle ei sjukdomsfri og stemningsfull 1.adventsveke.
tirsdag 23. november 2010
Min finaste Emil fyller eitt år idag
Det er ikkje mykje Emil forstår av dagen idag, men bursdag har han likevel. Dessverre har vi feira Emil sin første bursdag med at han er sjuk. Igår kasta han opp tre gongar, han har feber og han er slapp og et nesten ikkje. Espen har vore heime med han idag og Emil har kjent seg elendig.
Den vesle guten vår er no eitt år. Det er mykje som har skjedd på dette året både for han og for heile familien. Han vart fødd midt i husbygginga og hadde sine fyste levemånadar medan vinteren var kald og frustrerande. Foreldra var slitne og trøytte, men han har vore tolmodig og haldt ut med oss når det sto på som verst. Han har utvikla seg til å vere ein aktiv krabat med eit stort smil og ei sindig sjel. Han er glad i alle rundt seg og er den finaste guten som fins.
Emil var ikkje i form når pakkane skulle opnast. Malin var sjalu og lei seg og ville ha alle pakkane sjølv. Då Emil ikkje var i humør til å bry seg om pakkane, fekk ho opne.
Han har fått mykje fint til no. Matboks, bamse, Play 2 learn i fleire variantar, badeleike, ball og ein del klede. Det er ikkje så mykje som trengs for å underholde Emil. Har han noko å tygge på så er han nøgd, men det er eit heilt år til neste gong så det er no kjekt med litt nye leiker. Malin var like begeistra og understreka sterkt at ho kunne få låne leikene.
Eit kjekt aktivitetsbord med masse lydar og ting som kan trykkast på og rører seg. Det er ikkje mange bileter vi har frå dagen idag. Det er dårleg lys og Emil er sjuk. Vi skal ha selskap på søndag så då får vi håpe at vi får nokre minneverdige bileter frå Emil sin første bursdag.
Eit kjekt aktivitetsbord med masse lydar og ting som kan trykkast på og rører seg. Det er ikkje mange bileter vi har frå dagen idag. Det er dårleg lys og Emil er sjuk. Vi skal ha selskap på søndag så då får vi håpe at vi får nokre minneverdige bileter frå Emil sin første bursdag.
mandag 15. november 2010
Emil har tatt sine fyste steg
Igår tok Emil sine fyste steg med Malin og Espen som vitne. Det var tidleg om morgenen og jubelen sto i taket. Emil skjønna at han hadde gjort noko stort og lo han også. Emil fyller eitt år neste tysdag så han er ikkje sein med å gå, men er det så rart så aktiv som han har vore?
Dette bilete tok eg i ettermiddag. Han er så stolt når han står av seg sjølv. Det er ikkje alltid at han tek nokre steg, men stort er det uansett.
Abonner på:
Innlegg (Atom)