søndag 18. mai 2014

Rispingen

Eg er skikkeleg i bloggmodus merkar eg, det er kjekt! Eg likar å blogge, men diverre er både tid og teknologi imot meg av og til. Inspirasjonen har og mangla i nokre månader, men med sommar og sol kjem det meste tilbake. 

Turen eg vil vise denne gongen er ein tur eg og Espen hadde 2.mai. Vi hadde tatt ut feriedag begge to sjølv om både skule og barnehage var open (!). Ein kjenner seg nesten litt gal som gjer slike krumspring. Tenk, uten born, ein heil dag. Haha! Jammen på tide seier kanskje du. Og eg er heilt samd.
Vi køyrde til Bruvikdalen og parkerte på den store parkeringsplassen. Stien var lett å finne og det var jamn stigning. Dette er ein tur for dei som likar å gå i terreng og vidde. Det er ikkje ein tur med fjelltoppen rett mot deg heile tida. Vi visste aldri kor tid vi var framme før vi faktisk sto der. Bilete over er tatt undervegs. Eigentleg den finaste delen av turen. Det står ein flott, stor varde der som er verdt å sjå. Utsikta er mot Sørfjorden, Stanghelle og innover mot Voss.
Det var ikkje heilt fritt for snø langs stien, men det gjekk fint med joggesko sidan det ikkje hadde regna på ei god stund.
Eit bevis for at eg faktisk var der. Eg ser at eg må byrje å ta med meg speilreflekskamera på tur igjen. Biletekvaliteten er noko heilt anna enn med mobilkamera sjølv om teknologien på telefonane går i eit rasande fort tempo.
Dette er toppen av Rispingen. Den finaste utsikta er mot Hosanger og Fotlandsvåg og vidare utover mot Lindås og vestkysten. Fjellet er ikkje ein markert topp, men med varde og skilt så skjønte vi at vi var der. Den er 742 m.o.h. Vi brukte 1 t og 50 min opp. Har du lyst å ta deg ein tur kan du lese om den her.

Ingen kommentarer: