mandag 29. april 2013

Sjølvportrett

Synest dette bilete illustrerer kvardagen vår ganske godt. Ting er på halv åtte heile tida. Litt ufokusert, lite ute av kontroll og absolutt ikkje innanfor klare rammer. 
Skitne born er vel også meir vanleg enn uvanleg. Anna ser ut som ho har vannhovud, men det har ho altså ikkje :-)

Det er utruleg lite å fortelje om for tida. Eg har stor skrivekløe og eg ser snart fram til at noko nytt skjer. Eg gidd ikkje fortelje om snø i lufta, forhatte sentralstøvsugarar eller frustrasjonar over å aldri kome i mål med det ein hadde tenkt. No gjorde eg det visst litt likevel, men det får verte med det. Eg håpar at mai vil bringe våren inn på ny og gi oss mykje sol og glede. Fuglane er iallefall tilbake og dei er nok like klar for varme dagar som meg.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei på deg og takk for kommentar! Eg veit ikkje kor kjent du er i Sogndal, men butikken blir i Flåtengården, nedanfor sentrumsparken :) Du må stikke forbi når du er der, den skal bli so bra ;)))

Og for eitt nydeleg bilde, elskar slike kvardagsbilde, merka att eg tek det for sjeldan!

Ha ein fin mandagskveld!

Klem

Kathrine sa...

Jeg beudrer jo alle som har tre barn, så at det i det hele tatt ble et bilde av dere synes jeg er bra jobba! Søte dere er!