torsdag 2. august 2012

Garasjetaket er ferdig

Garasjetaket er ferdig, endeleg! Og det gjekk overraskande fort. På to dagar var taket lagt, og som vanleg var det god hjelp å få.
Espen er ute i regnvèret idag og gjer ferdig kiste og kledning. Vi har og kjøpt grunning og dekkbeis som skal på når vèret tillet det. Stillaset er tatt vekk og igår rydda eg og Espen rundt garasja. Espen køyrde eit lass med boss og det vart så fint utanfor.
Det skal feirast skikkeleg når vi endeleg er ferdig med garasja. Det har tatt så lang tid med byggesøknadar (13.5 mnd) og anna dill at det er ei større bragd at den er ferdig enn då huset var klart til innflytting. Det kjennes iallefall slik ut no. Det er vel noko med at eg har gløymt alt styret rundt husbygginga. Og det er vel like greitt.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hurra! Kor flott :o)Klem frå Lenemora