mandag 7. november 2011

Huset vårt i fugleperspektiv

Det er så nydeleg vèr for tida, ein gløymer nesten at det er november. Vi har framleis til gode å ha frostnatt hjå oss, men no kjennes det ut som det er like før. Eg trur ikkje det er så lenge til vi får sjå ei ny årstid, så då passar det vel bra med litt seinhaustbileter frå Dansebakken.
Dansebakken heiter tomta og området rundt huset vårt. Det har faktisk vorte eit offisielt navn no sjølv om det eigentleg var eit navn som familien til Espen hadde funne på tilbake i tid. No vert ikkje navnet gløymt iallefall. Huset står litt aleine som dokke ser og solar seg i dei fine hauststrålane. Vi har godt selskap med masse skog, den veks litt for fort etter vår mening. Espen kan fortelle om ein barndom med trefritt område akkurat her. Er det rart eg ønskjer meg sauer?
Ei slik oversikt gir eit bilete av kor mykje arbeid som gjenstår hjå oss. Garasjesøknaden er framleis ikkje behandla og materiale til garasja ligg under presenningar litt overalt. Vi har fått litt plen til no, men mykje gjenstår. Skråningane rundt huset skal også beplantast, men det vert lenge til! Ellers så kan vi invitere dokke til maling av hus neste år, vi har berre eitt strøk til no.
Huset vårt er skilt ut frå slekstgarden til mor til Espen. Gardshuset er det kvite som ligg midt på mot venstre. I tillegg til vårt hus, er det fire andre hus som er bygd i familien. Om dokke legg merke til kor sola skin, så er vi ganske heldig. Vi har sol heile året og god utsikt. Diverre er bakken opp "litt" bratt, men så lenge det ikkje snør går det greit.

Eg såg vèrmeldingane idag. 10 dagar framover med sol! Pass berre på å beskytte plantene mot nattefrosten, den er nok like om hjørnet no.

8 kommentarer:

Lina sa...

Takk ♥

Eg kan ikkje fatta at ikkje frosten har komme til Burkeland? Me har no hatt frostnetter her for vekesvis sidan. Merkeleg! Men, eg håpar verkeleg alle vekstane dine har fått grodd seg godt fast denne gongen, ellers vert det eit kostbart prosjekt for deko...!

klem ♥

Kathrine sa...

He he - du har helt rett, det er veldig meg. Liker at ting skiller seg litt ut! Det eneste som er hvitt her i gården er dører og listverk. Ellers er det farger på alt - er allergisk mot alt dette hvite ;)

Fem måneder som sykemeldt - huffameg! da føler jeg meg heldig!

Frosten er etterlengta ja, her er så bløtt og så mye regn at jeg ønsker meg frost, kulde og snø! I fjor kom snøen i midten av oktober.....

Lina sa...

Hehe, artig ;) ja, kransar høyrer advents- og juletida til! Ja, det er kanskje kaldare her? Merkeleg. Hadde liksom ikkje trudd det.

Fargevandring sa...

Tusen takk for fin kommentar. For et nydelig hus du bor i....det er så herlig å bo i omgivelser med mye natur rundt:-) Jeg nyter også de fine høstdagene...vi har hatt så mye sol:-) Anne Lise

Marita sa...

Flott :) Kar de he tatt det bilder ifrå? Forresten altforlenge sida ej he snakka m dej no!!!
ej he prøvd å blogge no i ei heil veke, men får rett og slett ikkje publisert det... Trykker på publiserknappen, men det skjer ingenting!!! He du vore utfor noko sann? Der he ej også foto med "fugleperspektiv" av bruket :)
Klem

Lina sa...

Enig med deg i mykje. Eg er sjølvsagt bhg-forkjempar, er ikkje førskulelærar for ingenting. Men det går jo an å kombinera ting, og som du seier, er det synd at valmulighetane er små for mange. Sikkert veldig frustrerande når ein står midt oppi det!

sigrid sa...

For ein flott stad!

Lina sa...

Ja, det høyres lurt ut. Du treng litt kos og pust innimellom! ♥ glede meg til lørdag - sjåast då ja! Klem til deg :)