torsdag 24. november 2011

Emil 2 år

Emil fylte 2 år igår og det var stas, iallefall for foreldre og storesøster. Emil sjølv skjønna ingenting. Om morgonen fekk Malin gi den første presangen. Ho var sprekkferdig av spenning sjølv om ho visste kva ho skulle gi. Byggmester Bob-verktøykasse vart vel tatt imot både av søster og bror. Han fekk og opne opp pakkar med klede, deriblant ein Mikke Mus-gensar som han raskt tok på seg. Før han reiste i barnehagen opna han også opp Duplo-bossbil som han likte godt.
I barnehagen vart han møtt med flagg og bursdagskort på plassen. Han fekk krone, kappe og bursdagsang slik som alle får når dei har bursdag.
Heime igjen opna han pakkar med Brio-tog. Gog!! Rett på golvet for å leike, han hadde knapt tid til å ete middag. Det var ei beskjeden feiring, men eg laga Banana Split for anledninga. Dessert på ein onsdag vart veldig populært tatt imot.
Emil er flink å leike seg sjølv. Om han ikkje forstår kva som skjedde så var han iallefall takknemleg for dagen og gåvene han hadde fått. Eg forsøkte å ta eit bilete av han medan han såg i kamera, men han var travelt opptatt igår og hadde ikkje tid... Spørs om vi må lage ei kake til helga slik at han (les Malin) får blåse ut lys og sjå i kamera.

5 kommentarer:

Grankongla - Livet på Bostad sa...

Så kjekt :) Artig at han er blitt to år alt - synes det var i fjor han blei født :)

Pia sa...

Gratulerer med gårsdagen - regner med han skal feires i flere dager framover!

Lina sa...

Ååå ♥ herleg! Vakre ungane dekans :) hihi, er ikkje godt å forstå alt her i verda når ein er 2 år, nei ;)

klem

Lina sa...

Hehe, ja, har skjønt det! ;) Kjekt å sjå forventningane gjennom barn sine auge ♥

ja, det må du gjera i morgon. Gir så god stemning i heimen kjenner eg.

klem til deg Torill ♥

kjersti70 sa...

Fine guten! Gratulera med overstått!