tirsdag 1. november 2011

Fargerike blomar i hagen 1.november

I fjor kom første snøen 20.oktober og frosten beit tak i oss frå november. Det var ein kald seinhaust med kalde grader som diverre tok knekken på mange planter. Idag var det 14 grader kl 16. Det regnar mykje, men vi har i det minste ikkje hatt frostnatt enno. Og med fine temperaturar lever sommarblomstrane i hagen enno.
Spanske margeritter. Dei tåler ikkje frost så dette er eit bevis på kor mildt det er ute. Eg er ikkje så ivrig på å knipe visna blomar lenger, men det vesle som kjem er framleis like vakkert. Eg har og ei kasse med petunia og, men eg gidd ikkje knipe lenger så den er ikkje så flott no.
Klatrerosa New Dawn. Den har blomstra over tre månadar no. Den har klatra og kost seg gjennom hausten. Det regnar ein del, så dufta er ikkje så sterk og blada fell fort grunna det tunge regnet.
Gullpyntekorg. Den har blomstra sidan mai. Og den tåler all slags vèr og tåler å verte flytta fleire gongar.
Pyntejordbær. Har og stått i blomst sidan juli/august. Blomane er som sagt veldig våte, men dei lev i beste velgåande.
Pelargonia. Den tåler det utrulegaste. Den har drukna og tørka om kvarandre, og den krev svært lite stell. Greit å plukke av det visne sjølvsagt.
Buskmure/potentilla, Lovely Pink. Den er kjent for å bløme heile sommaren og hausten, og det har den jammen gjort og.

Gledelige glimt frå hagen, men eg trur dette er det siste hageinnlegget for 2011. Skulle desember overraske så veit ein jo aldri...

4 kommentarer:

Kathrine sa...

Så koselig! Her var det 14 grader i dag - huff å huff!!!

Lina sa...

Vakre bilete! ♥

Anonym sa...

Nydelig <3 Lene.

Lina sa...

det går i rykk og napp, veit du ;) eg lagar meg ting å fortelja om. prøver å tvinga fram glede & kreativitet! funke iblant ;)

håpe du holde ut eksamensmas! me må ta ein kopp og ei kaka når du har landa ♥

ps. eeeelskar pyntejordbærplanten din!! vil ha!