torsdag 20. oktober 2011

Strikka ullkåpe som enno er litt for stor...

Det har tatt si tid å få ferdig denne kåpa. Eg trur det er eit år sidan eg byrja og motivasjonen har vore opp og ned med å fullføre. Eg fekk den ferdig rundt påske ein gong, men eg orka ikkje monteringa. Heldigvis har Espen ei tante som gjorde det for meg. Det var berre for meg å montere knappane. Og kor lang tid tok det å sy i seks knappar? Tre månadar...
Kåpa er framleis alt for stor, det er litt av grunnen til at eg ikkje har stressa med å verte ferdig. Eg er heime med Malin idag. Eg tok meg saman og bestemte meg for å sy i knappar og samstundes få tatt bileter i godt lys.
Kåpa er strikka med dobbelt garn Sisu frå Sandnes. Oppskrifta er henta frå hefte nr 1001 frå same leverandør.
Eg strikka i størrelse fire år. Malin er fire år, men Sandnes sine oppskrifter har ein tendens til å vere litt store. Skulle kanskje ha strikka i to år dersom eg ville ho skulle ha brukt den no.
Det som var mest vanskeleg var samanfoldinga bak. Elles var oppskrifta grei den etter kva eg huskar. Alltid kjekt med nokre detaljar i oppskrifta som eg ikkje har prøvd før.
"Mamma, e du ferdi no?" Kåpa ser ut som ein sekk på henne.
Eg har ikkje vaska den enno, men maskene vil nok legge seg litt finare når den får seg ein omgang med Milo og vatn.
Knappane har eg kjøpt på Stoff og Stil. Dei er ikkje heilt slik eg hadde tenkt meg, men det var det næraste eg fann. Knappar synest eg er vanskeleg å finne, det er sjeldan det vert slik ein har tenkt.

Så håpar eg Malin vert stor nok til å bruke kåpa og at ho faktisk vil bruke den og.

3 kommentarer:

Mette sa...

Kjempefin!! :)

Lina sa...

Hahaha. Eg må berre le. Du har ein så finurlig, morsom, sarkastisk måte å skriva på ;) hihi. Fiiiine, kule, vakre, tøffe Malin! Kåpa var veldig fin, og stor, ja, hehe... Ho kledde det då, alt kler jo den smukke. Kan brukast til morgenkåpe i eit par år? :)

Du er flink. Sender god bedring-klemmar til Burkeland ♥

Marte sa...

Den ble jo veldig fin da! Om enn litt stor enda ;)
Og fargen var knallfin!