fredag 21. oktober 2011

Rillestrikka babyjakke

Eg er i siget, og har fullført jakke nr 2 på same dag. Denne jakka har eg ikkje brukt så lang tid på som kåpa, den er betydeleg mindre og ganske enkel å strikke.
Eg skal gi vekk jakka til Osterøy Redd Barna sitt salgsbord på julemessa. Jakka er str 0-3 mnd og oppskrifta kjem frå Pt Baby 10-4. Garnet eg har brukt er Pt Panda. Eg har ein del restegarn og enkeltnøster som eg har som prosjekt å bruke opp før eg kjøp nytt. Eg har brukt to nøster blått og eitt nøste lys lime.
Heile jakka strikkar du i eitt med riller. Den er veldig kjekk å strikke og den skal nesten ikkje monterast. Knappane manglar, men dei skal sjølvsagt på før messa 19.november.

2 kommentarer:

Grankongla - Livet på Bostad sa...

så flott!! tror det er samme mamma har strikket til lillegull i magen:)

Anita sa...

Oi den var stilig :)

Ja du ska ikkje sjå vekk ifrå at det kan bli en interiørklubb her med årene :) hihi...søte små som satt og diskuterte neglelakk og diverse :)

God helg til deg :)

Klem♡