Vi skriv 7.august idag og store delar av sommaren har passert. Vi har framleis ein god månad før hausten kjem for alvor, men dei lange dagane har vorte kortare og om morgonane kjenner vi lukta av haust. Det var så mykje vi skulle gjere ute i år. Vi hadde store planar for sommaren med garasjebygging, opparbeiding av plen og blomsterbed og maling av hus. Kva skjedde?
Materialet til garasja står enno under presenning og plast. Det har gått snart tre månadar sidan vi søkte om løyve, men kommunen let saka vente på seg. Noko av tida skuldast ferie, men sanninga ligg vel i at det ikkje føreligg saksbehandlingstid grunna byggjing i LNF-område, og kvifor forhaste seg då? Kommunen merkar nok ikkje presset som ligg på oss i forhold til tid før vinter, materiale som vert dårleg og så vidare..Her skal garasja stå. På grunnen vi ikkje eig (sjå innlegg 19.mai). Eg har rydda siste rest av boss etter husbygginga idag og sortert ut trykkimpregnert plank. Betre seint enn aldri...
Skal dette vere sommar? Har du sett noko så deprimerande? Utemøblane vi hadde har vorte gamle og øydelagde og vi lev på det vi har, men kva er vitsen med kjøpe nye? To siste sommarane har ikkje vore varme og tørre, og det viser igjen i blomekrukkene. Hadde blomar her, men dei har rotna på rot medan eg var på ferie. Terrassa skal vi olje, men det vert aldri tørt lenge nok. Huset manglar andre malingsstrøk, men det må igjen verte sol og tørke.
Dette inngangspartiet må vel vere kandidat for det flottaste inngangspartiet i Noreg. Material under presenning, taksteinar, blomar som kvelast av regn og lagring av verktøy som manglar garasje/bod. Den kvite benken eg kjøpte i vår mister heilt sin sjarme opp i alt rotet.
Eit skikkeleg syteinnlegg dette her, men det må no vere lov av og til. Eg har allereie byrja å førebu meg til neste års hagesesong, for eg kan vel ikkje gi opp?
3 kommentarer:
Ja, det har ikke akkurat vært en knallsommer...Men vi får håpe vi kan få noen varme dager før høsten er her.
Skjønner jeg har vært der sola har vært..har hatt en knallsommer og oppholdt meg i skandinavia...litt i norge, litt i sverige og litt i danmark...og virkelig fått min dose vitamin D...kjedelig når den ikke dukker opp...håper den ikke er helt over enda.:-))
en god dag til deg.:-)
Hehe, ja kjenne mej litt igjen. Blir ikkje so mykje gjort her også pga regn stort sett jamnt... Men håpa endå på nokre fine daga (sånn so me hadde igår til det begynte å regne. Optimismen lenge leve....håpe den leve lenge for det ser me ut til å trenge ;o) Klem Lene.
Legg inn en kommentar