onsdag 10. august 2011

Kunstige blomar

Eg har lenge leitt etter potteplanter innandørs som ikkje er berre grønne eller er ein orkidé, og som ikkje treng å stå i vindauget. I vindaugskarmane mine har eg lyserosa pelargonia, Dronning Ingrid, men elles har det vore nakent. Og kva vert løysinga? Kunstige blomar sjølvsagt.
På IKEA fant eg denne buketten, virkelig søte og står så lenge eg orkar. Blomane står og skin i den nye mugga mi som eg kjøpte i Danmark. M'en står nok for Miljøgården, men her i familien har den ei anna tyding.
Denne pyntehylla som har lite sollys klarer ikkje å halde liv å planter. Eg har prøvd eføy, men det vart for varmt for den når hylla står litt høgt oppe nær vedovnen. Så då er igjen kunstige blomar geniale. Denne buketten kjøpte eg idag på Plantasjen og står i ei mugge frå Perfect Home. Bilete ved sida av er av Emil då han var til fotograf. Sølvkoppen som eg fekk til dåpsdagen skulle eg ha pussa for lenge sida. Latskap lenge leve...

3 kommentarer:

Pia sa...

He he, kunstige blomster ville ha funka her og;)

Marte sa...

Har du prøvd ceropegia (hjerteranke)? Er jo grønn, men litt mer spennende, og veldig søt! :)
Jeg har mange stående inni hyller ved siden av TV'n og sånn, og de holder kjempebra. Står lenge, og trenger minimalt med stell.

Lina sa...

Plantasjen har mykje fint i kunstige blomar! Genialt til slike stader ja, der dei levande ikkje trivest. Eg har vakre, uekte peonar på badet nede, som ikkje har vindauger :)