lørdag 13. august 2011

Historia om det nye stovebordet vårt

Det er ikkje noko særskilt med å få seg eit nytt stovebord, men historia bak kjøpet synest eg er morsom og ganske søt.
Eg har ei fantastisk svigermor som stiller opp for oss med å passe borna og vaske huset når ho kjem på besøk. Vi ser ho ikkje så ofte, men når ho er her så kosar vi oss masse. Ho er veldig flink til å gjere det fint i huset og det er som julafta heime hjå oss etter å ha sluppe ho laus ein dag. Ho er glad i å vaske og gjer det heilt frivillig. Veldig kjekt for oss som ikkje tørkar støv for ofte. Ho har dei siste besøka lagt godt merke til det gamle stovebordet vårt og synest det har vore heilt forferdelig at vi må ha noko slikt i stova.
Ikkje så rart at ho synest det kanskje. Eit billeg bord frå IKEA (lack) til kr 359,- som vart kjøpt for å ha noko å setje fjernkontrollane på. Heilt midlertidig sjølvsagt, men tida gjekk som det alltid brukar å gjere. Emil fekk tenner og bordet vart etterkvart innramma med tannmerker rundt heile bordet. Ting landa litt for hardt i bordet og Emil laga seg etterkvart matbod nedi hola då bordet ikkje akkurat er laga av massiv tre. Borna kunne knapt danse på bordet utan vi var redde for at dei skulle ramle igjennom. Ja for alle born dansar vel på bordet?
Forrige helg fekk svigermor nok. Ho skulle betale bordet berre vi reiste og kjøpte det. Avgårde med lånt bankkort drog Espen til Living og kjøpte nytt bord. Vi fekk det til halv pris og alle var nøgde. Ein seier born som syng er lukkelege born. Svigermora mi nynna for seg sjølv iallefall resten av helga.

Vi har no kasta ut bordet og det står på tunet, heilt midlertidig sjølvsagt, til nytte for små born som vil leike butikk. Bordet gjer seg og som lagringsplass i påvente av garasje. Kjekt å ha altså.

4 kommentarer:

Marte sa...

Ååå, akkurat sånn Lackbord har vi også! Og: Jeg har SÅ lyst på nytt bord! Akkurat sånn som dere fikk! haha
Var jo kjempelekkert da! Snill svigermor du har ;)

Lina sa...

Hahaha. Du skriv så godt,Torill! :) ei veldig fin, søt og morsom historie, ja. Heilt enig. Fint det nye bordet var :) skal sei du har høg bloggefrekvens for tida. Inspirerande :)

Anonym sa...

Hehe, artig historie ;o) Men det nye bordet likte ej godt - kunna tenkt meg eit slikt - men i natur eller bjørk, veit du om det fins? He leita lenge etter eit passande bord, så eg får skifta ut det gamle furubordet vårt, som ikkje passar så godt til salongen vår. Kjekt med arbeidsvillige svigermødre ;o) skulla hatt mej ei sånn.... Lenemor.

Torill sa...

Bordet finn du på Living, kjem ikkje på navnet. Veit ikkje om det er i andre fargar, men der var mange andre flotte bord og. Dette passa fint i størrelse og pris, men det var mange andre bord vi og kunne ha kjøpt.