Mange planter sett frø utover seinsommaren og hausten. Frøa vert mørkare i fargen og tørrare. Eg har ikkje så mange planter enno då eg framleis er på spebornstadiet i hageverda, men eg har nokre som eg kan få fleire av.
Her har eg klipt ned visne riddersporar. Dei som eg har i hagen no er blå, men etterkomarar av heimeproduserte frø kan vere i andre fargar. Så det vert spennande.
Så tek eg ut frø frå belgen som krev litt tolmod. Ikkje alle er slik. Eg har til dømes blå akeleie kor frøstanden tørkar inni belgen. Dei dryss ut lettare enn desse.
Legg frøa på avispapir å la dei ettertørke eit par dagar.
Når frøa kjennes lette og tørre kan du pakke dei inn i kaffifilter og legge dei i ei boks. Ha boksa i kjøleskapet slik at frøa får det mørkt og kjøleg fram til våren.
Har du frø frå hagen som du har sådd? Eg vil gjerne høyre erfaring frå dette.
5 kommentarer:
Kunnskapsrike Torill! :) Så kjekt innlegg! Dette må eg prøva. Har tenkt på det, men aldri visst korleis ein gjer det. Artig. Og faktisk endå kjekkare når sortane endrar seg ved å gjera dette, til andre fargar etc. Kjempespennande :D
Har aldri prøvd å lagre frø fra hagen selv... er så utålmodig med sånt no hehe.
For et flott hus dere har!
Jeg lurte litt på å samle inn litt, men jeg vet liksom ikke når de er klare til å høstes.
Hei Torill
Jeg er helt imponert jeg som ynder å kalle meg selv den store "flowerkiller`".Jeg skal absolutt ikke skryte på meg grønne fingre!
Tusen takk for supersøt kommentar. Da er vi to i kjolekompaniet, for jeg går nesten alltid også i kjoler eller skjørt sommer som vinter. "Så fin du er i dag" sier folk når jeg kommer i bukser, for det er alldeles uvant. Som regel er det jo motsatt; at andre kommenterer en fin kjole og det at en er litt pyntet.
Ha en god natt og en fin ny dag i sommerkjole!
Klem fra Kaspara
Takk for veldig hyggelig kommentar hos meg :)
Jammen er eg glad eg tok turen innom deg og, for no veit eg korleis eg skal gå frem for å ta vare på frøene mine. Det blir eg nok å forsøke i år. Hvis eg har forstått det rett, og du har spørsmål angående såing av frø vil eg anbefale deg å besøke Ellen med bloggen "roser og patina." Eg trur at ho er en `reser` på sånne ting. - blant annet... :)
Hilsen fra Catharina
Legg inn en kommentar