lørdag 20. august 2011

Grunnmuren til garasja er ferdig

Ja så er vi i gang med garasjebygginga. Det vil seie det er Espen som er i gang, eg er berre deleigar. Heile ettermiddag og kveld igår arbeidde fire karar med grunnmuren til garasja og idag støypte dei ferdig. Fantastisk så fort det går når ein er fleire. I skrivande stund er Espen støl i ryggen og har hovudverk etter eit intenst døgn, men det har han jammen fortjent å vere.
Rett etter arbeidstid var dei gong med å setje opp kasser som skal halde sementen på plass. Det vart kjøpt inn sekkar med sement, sand og jern.
Før leggetid såg det slik ut. Sola skein og alt var på vår side.
Arbeidslaget i ettermiddag. Slitne og godt nøgde med innsatsen. Det er kjekt å ha familie i nærleiken som stiller opp. Karane vart premiert med heimelaga pizza og kald øl. Sjølv om vi berre er i byrjinga av prosessen er det likevel eit viktig steg vi har tatt.

3 kommentarer:

Lina sa...

Så kjekt, Torill! :) Det er nok ei god kjensle. Ja, familie i nærleiken er uvurderleg i mange samanhengar. Stå på! :)

Lina sa...

Takk for da! :) Ja, ikkje sant? Det skulle eg og. Har aldri hørt nokon angra på eit sånt valg, iallefall! Gledar meg til tur i morgon!

Lina sa...

Takk for da! :) Ja, ikkje sant? Det skulle eg og. Har aldri hørt nokon angra på eit sånt valg, iallefall! Gledar meg til tur i morgon!