torsdag 11. august 2011

Epletreet vårt har fått seg kjæreste

Som sagt tidlegare så fraus epletrea våre ihjel i vinter og vi måtte erstatte dei med nye. Eg fekk kjøpt eitt tre i vår, men som fleire av dokke veit så må eit epletre ha ein kjæreste innanfor 30 meter for å kunne bestøvast. I tillegg skal epletrea passe kvarandre med når på året paringsleiken skjer.
Aroma-treet vårt har fått denne flotte kjæresten ved navn Katinka. Litt krokbøygd i stamma, men ho reiser seg vel når ho ser den flotte makkeren sin.
Sjå kor ho kosar seg i solskinet. I bakgrunnen står Aroma som har vorte så stor og flott i sommar. Eg håpar dei vil trivast ilag og gi oss mange epleborn. Måtte vinteren ikkje verte så hard med dei.
Eigentleg har vi nok tre, men det er mest hassel. Vi har så mange nøtter tilgjengeleg på hausten at vi kunne ha starta nøttefabrikk. Hasseltre er ikkje like ranke og flotte som mange andre fordi dei skyt ut mange små stammer istaden for ei stor og flott. Fram med motorsaga!

Legg dokke merke til at vi har fint vèr? Det hjelp å klage.

1 kommentar:

Lina sa...

Haha. Du e så søt! For eit herleg innlegg :) :) eg visste ikkje det om epletreet. Då har eg lært noko nytt i dag! Hurra. Eg håpar og at de får maaange eplebarn frå dette fine kjærasteparet! Klem