torsdag 18. august 2011

Dokumentasjon av gravearbeid

I påvente av garasjebygginga har Espen satt igang medt å grave ut der det skal vere hagestove. Planen er å lage ein mur rundt i naturstein og då må jorda gravast vekk for å unngå at det sig. Jorda legg vi mot parkeringsplassen då vi ikkje skal ha så stor parkering som idag.
Slik har det sett ut til no. Graset sådde vi ikkje lenger enn dit som vi skal ha stova. Ein gjer ikkje meir dobbeltarbeid enn ein må.
Ifølge Espen er det no klart til mur. All jord er tatt bort og det skal fyllast opp med stein. Muren veg mange tonn så underlaget må vere stødig som fjell. I hjørne nede til venstre skal peisen stå. Espen har visst alt klart i hovudet. Eg blandar meg ikkje så mykje inn, nokre prosjekt må vel han få og. Berre eg får bestemme plantene rundt...
Emil vil og hjelpe til. Måtte det fortsette i mange mange år til.
Gjett om eg er glad vi har vaskemaskin. Emil brukar 2 til 3 bukser om dagen, men han kosar seg og det er det viktigaste.

3 kommentarer:

Fjordlykke sa...

Flinkiser!! Snart må vi starte uteprosjektet vårt. Hundegård...
Venter spent på melding fra oppdretter. Hundemor har termin denne uken!

Klem:)

Lina sa...

Søøøte Emil <3 haha, nei, det er sant. Ein skal ikkje kimsa av bibelske ord ;) eg unnar deg og hagen din ein betre vår, bokstaveleg talt! Samme her. Helg e alltid digg :)

Lina sa...

Haha, ja, det har du. Treng han ikkje før neste år, så eg kan no få han på mandag når me uansett treffes ;) Visst me skulle gå her i området? Gledar meg! Eit stort prosjekt som skal gjera oss søte og små! Hehehe....