torsdag 4. august 2011

C-vitaminbombe på flaske

Eg var så heldig å få plukke solbær hjå Lina som har ein eldre og meir etablert hage enn meg. Buskene hennar bugna av bær og på ein halvtime hadde vi plukka mange liter. Mamma er på besøk og har hjulpe meg å plukke og lage saft. Det er så mykje lettare når ein er to og ein får gjort utruleg mykje på kort tid.
Omlag 7 liter solbærsaft er produsert og satt i kjøleskapet. Solbær er svært rik på c-vitaminar og gjer godt når ein er forkjøla. Eg har ein tanke om at ungane får litt solbærsaft utover hausten for å unngå at dei vert sjuke. Må gjere det eg kan iallefall. Huset har lukta nostalgi i heile dag og eg tenker på mormor som var veldig flink til å safte og sylte rips, solbær og rabarbara.

1 kommentar:

Lina sa...

Herleg! :) den safta er berre så god. Bonus med all c-vitaminen :) kos deg med den skjønne mammo di! Klem