søndag 14. august 2011

1000 opne hagar- hage nr 1

Det norske hageselskap har i år arrangert "1000 opne hagar" med mål om at fleire skal opne hagen sin for publikum. Dagen for arrangementet var idag, og her på Osterøy har vi hatt gleda av å ha to hagar tilgjengeleg for besøk. Den første hagen presenterar eg idag og imorgon får dokke innblikk i den andre hagen.
Ekteparet vi besøkte i den første hagen tok oss imot med smil og glede. Dama som eig denne hagen er ikkje kven som helst då ho jobbar på gartneriet og er leiar i hagelaget. Ei blid, open og skjønn dame som alltid har tid til deg og dine merkelege plantespørsmål.
Hagen hadde knapt ein plenflekk då trangen til å kjøpe nye planter har sannsynlegvis vore stor. Ikkje rart når ein jobbar på eit gartneri og ein får stadig inn nye planter som er spennande og vakre. Grusgangane var lagt i fine buer rundt heile huset og nedi hagen.
Hagen er i stadig utvikling og ho har prøva og feila akkurat slik som oss andre.
Ein variert hage med både vintergrøne busker og tre, stauder med og uten blomar og ulike bladfargar på plantene. Ho er og ganske glad i roser som duftar, akkurat slik som meg.
Med nokre år med tolmod får ein altså dette resultatet. Hagen var ikkje gjort på eitt år, og det er ei trøyst for ein utolmodig stakkar som meg.
Det strøymde på med folk som ville få med seg denne sjansen, og eg vil seie arrangementet har vore ein suksess. Folk fekk inspirasjon, idear og moglegheit for å få tips og råd. Eg håpar fleire vil ta seg ein tur i hagen etter dette og kanskje gjere noko nytt som ein ikkje har prøvd før.
Plantene hadde eit hav av fargar, fasongar og variantar. Inni mellom hadde ho laga sitjeplassar alt etter kor sola var på døgnet. Publikum fekk og forsyne seg med kaffi, brus og kaker. Ei skikkeleg vertinne vil eg påstå.
Er det rart hjarte bankar litt ekstra etter ei slik oppleving?
Eg boblar over av inspirasjon og hagelyst etter denne dagen. Eg vert så glad når det er mange hageglade samla. Det er så fantastisk å kunne vere i eit forum kor eg kan snakke fritt om hage utan at nokon vert lei. Ja for det kan verte litt for mykje til tider.
Hageigaren hadde veldig sans for mørkeraude/brune blad innimellom alt det grøne. Noko eg sjølv ikkje har tenkt over kan vere ei bra brytning til all skogen.
Legg merke til den kvite buska. Den duftar fantastisk og var ein av mine favorittar i hagen.
Før hagevandringa tok slutt fekk vi nok eit møte med ein sitjeplass med vakre blomar i skue.
Her er den kvite buska på nært hald. Veit du navnet på den?

3 kommentarer:

Ann-Kristin sa...

Hagen var heilt fantastisk, utan tvil. Og at det har tatt tid kan eg skrive under på. Då eg leika i denne hagen for 10++ år sidan, såg det ikkje slik ut. ;)

Den kvite blomen meinte eg var syrinhortensia? Veldig villig, og veldig lett å ta avlegger på. :) Mormor har masse i sin hage. :)

ElseT sa...

Hei Torill, takk for hyggeleg kommentar på bloggen min. Kjekt at du tykkjer eg har fin hage, eg tykkjer og at det er fargerikt og fint. Eg har ikkje vore med i 1000 opne hagar, trur nok at eg har litt for lite å vise fram, sjølv om eg tykkjer tiltaket er så bra at det burde vore støtta. Eg ser jo at den hagen du viser fram er mykje meir innhaldsrik og variert enn kva eg kan by på. Flott at du deler opplevinga med oss andre.

Lina sa...

Så fantastisk! :) Skjønner godt at du er inspirert, Torill! Eg skulle nok ha vore her ja ;) neste år!