onsdag 30. mars 2011

Kva som går og går og aldri kjem til døra?

Svar: Mine handarbeidsprosjekt, iallefall dei fleste av dei. Eg er heilt håplaus. Eg har så mange idear at eg boblar over av og til, og fornufta vert lagt til sides ein lite augneblink når eg startar på noko nytt. Eg rotar ned i garnsamlinga, leiter opp nokre oppskrifter og byrjar på noko heilt uplanlagt og unyttig. Så går det ein kveld eller to og så kjem fornuften tilbake og eg tenkjer; nei, kva skal eg med dette, ville eg eigentleg bruke dyrbar tid på noko slikt? Kort fortalt, her får dokke sjå noko av det som aldri vert ferdig, men som framleis ikkje har funne bosskassa.
Onkelen min jobba før på Røros Tweed og eg engasjerte han til å skaffe meg store spolar med raumaullgarn som i utgangspunktet er tenkt til teppe. Eg hadde ingen plan med denne investeringa, og eg har gitt bort garnet mitt idag, men eg fekk laga eit skjerf til mamma og nokre hekla lappar.
Eg er veldig god på å hekle lappar, men fullføre er ikkje noko eg mestrar. Eg kan telle på ei hand kor mange tepper eg har gjort ferdig basert på oldemorsruter.
Malin vil så gjerne strikke, men er nok litt lita enno. Men ho er fascinert av garn og ville eg skulle strikke ein lilla genser til ho. Eg kasta meg over engasjementet til min 3,5 åring og strikka byrjinga av ein lilla genser med rundfelling. Etter ein kveld kom fornufta tilbake og eg tenkte at dette gidd eg ikkje. Ho skal ikkje ha lilla genser eitt år til, no skal eg strikke noko anna.
Mamma strikka ei babyjakke som eg monterte. Eg fekk garnrestane og skulle strikke babysokkar som passa til. Eg kom ikkje lenger enn til denne eine sokken som ikkje er montert.
Ikkje veit eg kva eg tenkte dette skulle bli. Dette er ein lapp med bilete av ein katt, kan du sjå den?
Ein enkel vott utan tommel. Mønsteret har eg tilpassa sjølv, men jenta som skulle få vottane har for lengst vorte for stor.
Eg fekk mamma til å sende ned ei Barbie-dukke i posten. Prosjektet var å strikke Barbie-klede for utlodning. Eg laga ein kjole som eg fullførte, deretter denne dressen som aldri har vorte montert. Barbie ligg enno naken i eit kott utan kjole eller dress, og eg kjem nok ikkje med nokon kolleksjon til ein basar med det første.
Huff, dette har vore eit mareritt, kvar skal eg byrje. Eg hadde planar om å strikke meg eit rosa skjørt ein gong som tilbehør til ein bikini eg strikka. Skjørtet strikka eg to gongar og rekte opp begge gongane. Så skulle eg lage kjole til Malin av same garnet, strikka ukritisk og enda opp med den nederste kjolen som var alt for stor både til meg og ho. Ikkje veit eg kva eg tenkte på, men tanken på å prøve kjolen undervegs var fullstendig borte for meg. Så strikka eg ein ny kjole med å bruke garnet frå skjørtet. Kjolen fullførte eg, men då likte eg plutselig ikkje den likevel og rekte den halvvegs opp. Så no har eg to endar av eit skjørt/kjole som ikkje kan brukast til noko som helst.
Eg har eit søskenbarn som elskar skilpadder. Denne hekla eg til henne som ho skulle få i bursdagsgåve for ørten år sidan, men eg monterte ikkje den heller.
Eg hekla ei babyjakke til ei venninne en gong. Nederst på jakka skulle det vere ei remse med lappar slik som over. Så strikka eg først med feil pinne slik at remsa måtte strikkast to gongar. Så no sitt eg med ei remse som eg ikkje veit kva eg skal gjere med.
Så var det desse lappane då. Eg vert så oppgitt over meg sjølv.Kan ikkje huske kva eg tenkte eg skulle lage her.
Dette var eit galskapprosjekt. Volda, min heimstad, hadde ein garnbutikk ein gong som hadde opphørsalg. Dette var på slutten av 90-talet og eg var framleis i startfasen i mi strikkekarriere. Mangel på impulskontroll og store planar gjorde at eg kjøpte ein haug med garn kor eg skulle strikke ein kjole med mykje mønster, fargar og hekledetaljar. Eg hadde aldri strikka mønster før, eg kunne ikkje hekle og i det heile tatt, dette var ambisiøst. Etter nokre år fullførte eg kjolen. Eg lærte meg å hekle gjennom ei bok eg lånte på biblioteket og fekk gjort hekledetaljane. Men etter som åra hadde gått var ikkje denne kjolen fin lenger. Utdaterte fargar og mønster gjorde at eg rekte opp delar av kjolen. Frå brystet og opp hadde eg svart og magepartiet var grønt (for ein fargekombinasjon!), og resten har vorte eit minne om ungdommens strikkegalskap.
Ei tova veske frå tove-perioden. Manglar litt stivheit og detaljar på veska.
Ville så gjerne hekle ein svart løpar til kjøkkenbordet til mamma etter at ho fekk seg nytt kjøkken. Så langt kom eg altså, nokre få centimeter. Emil er veldig interessert i dilldallet mitt, kanskje det endar opp med at han heklar det ferdig?
Oh la la. Var på sykurs og sydde denne kimonoen. Alt er ferdig utanom det enklaste; legge opp kanten nede. Idag kunne eg ikkje tenke med å gå med denne, så eg gidd ikkje fullføre med det første. Størrelsen har blitt endra sidan den gong og så den passar ikkje like fint lenger.
Mitt siste prosjekt. Dette har eg planar om å gjere ferdig ganske snart. Det er ei kåpe til Malin i str 4 så den er framleis litt stor. Kåpa måtte eg byrje å strikke 3 gongar før det vart riktig, det er litt typisk meg, men no har eg montering av armar, festing av trådar og knappar igjen.

Eg har masse garn liggande, men aldri så mange nøster av same sort. Er det nokon som har eit godt tips for å verte kvitt alle desse nøsta? Med det samme kan eg seie eg heklar for tida på eit teppe, i oldemorsruter, kanskje eitt i samlinga av mange ufullførte?

5 kommentarer:

Lina sa...

Hahaha. Eg må berre le av deg :-) Du skriv så godt, Torill! Og det er godt å sjå at eg ikkje er den einaste håplause... Eg har ørten hobby-prosjekt liggande sjølv. Ei salig blanding av korsstings-påske-serviett-ringar (som eg har prøvd å få ferdig minst 2 påsker før), 3 ulike prosjekt påskepynt frå Panduro på gang, ei halvstrikka pute til sofaen, og masse, masse strikka lappar. Eg er nybegynnar på strikkefronten, og har altså allerede ein haug uferdige ting. Haha. Håpe du finn på nokke lurt med nokken av dine mange, flotte prosjekt!! :-) Eg vil læra meg å brodera slike fine oldemorslappar.

Mette sa...

Så artig å lese! Satt å lo for meg selv. Du skriver veldig bra! :) Alle som liker håndarbeid kjenner seg vel igjen i dette. Har selv bl.a et teppe i bestemorruter liggende, umonterte engler (til juletre) og en alt for avansert bolero som jeg venter på å bli flink nok til å fullføre. :) Såg faktisk akkurat et innslag i "godmorgen norge" om en dame som hadde samlet inn uferdige håndarbeidsprosjekter. Hun hadde laget kunstutstilling av det, og skrevet bok om alle historiene bak de ufullførte prosjektene. Det var mange artige historier! Når det gjelder restegarn liker jeg å strikke luer, sokker, votter, gensere til små, gjerne i striper. Da slipper du unna å ha akkurat litt for lite garn, måtte kjøpe et nytt for å fullføre, og sitte igjen med enda mer restegarn enn du hadde i utgangspunktet. :)

Janne-Marit sa...

www.amandaprosjektet.org
Dei treng småååå tepper og huer og sokkar og slikt ;) Så slepp du å tenke stort kvar gong du lagar ei oldemorsrute :)

Anonym sa...

Om du vil kvitte deg med kimonoen så synst ej den var veldig fin;)

Klem fra Siv

Torill sa...

Kimonoen e nok for stor til oss begge, Siv :-)